onsdag 15. juli 2009


Klare for fire-årsdagen til Eirik.

Askild og Ola i den vesle vika på Pilaholmen der Jochum Phiil lossa surt nedertysk øl for 350 år sidan, eller kanskje det var her han skjelte ut Engesunds-kremmaren og kalla han "en kongens tyf".....
Sommarregnvåt tur iallefall, men når ansvarlege vaksne folk har med klesbyte, går det ofte bra.


Anna måtte få med eit av bileta sine.



mandag 6. juli 2009


To små karar i kajakk mellom Bleikjo og Stora Færøyo(for dei som vil anmelde meg til barnevernet kan det leggast til at eg er under kajakken)

Entring av Slåtterøy fyr.



Frå Hanøysåto.

To kopplam føl etter hyrden sin på Hanøyo(Foto:Eilen)


Johannes er skummel krabbe.....




..og teatralsk Romeo



Forsøk på "segling" ut Brandasundet med liggeunderlag(ganske vellukka i sørleg bris)
Bjart har kome bort i brennesle, og fortel med litt plaga-bekymra mine at det er "aoooo" på baksida av låret. Anna tar affære(etter at ho skambrann seg på ein manet førre veke) og veit kva krem som fungerar. Alt vert bra!

Nobu og Gjertrud på Arholmen



I Moltholmen.








"Blinkeskona" til Johannes er vel verde ein nærare kikk.(Foto:J.S.B)


Til neste år har vi truleg gløymt kor slitsamt det var med slått. Mykje høy i hus, og mange som hjalp til.






Bjart var veldig nøgd berre han fekk badestampen sin.