torsdag 29. januar 2009

Ettersom eg er omtrent venelaus på facebook(etter å ha inngått ein "ikkje-invitere-traktat"), prøver eg no å fullføre "einsam-statusen" på nettet, ved å sjå kor få som faktisk er innom her. Sjølv om eg går inn og ut fleire gonger for å føle at eg er ein del av ein gjeng, så står han berre på nullnullnullnullnull.....
Free Web Counter

Free Web Counter

mandag 19. januar 2009

3 års feiring

Nokre doggete bilete av ein liten del av gjestene. Det "vesle" selskapet hadde etterkvart 22 gjester, så vi var ikkje heilt aleine.


Og sjølv om det ser ut som eit lys, så er det tre tette.






onsdag 14. januar 2009

Etter at ein har bada tørkar ein seg på naturmetoden(OBS:nakenbileta skulle vere annonymiserte nok til at ikkje ein eller annan skrulling skulle kunne bruke dei til noko straffbart)
Simba Felix(katten) har ein voldsom intimitetsintelligens. Han skjønar at amming er veldig koseleg, så der vil han vere med KVAR gong.




mandag 12. januar 2009

12.01.09

I dag er Bjart med på jobb.Han er arkivansvarleg no etter lunsj, og har heilhjarta gått laus på oppgåva med dødsforakt.

09.-11.01.09

Denne helga har Solfrid jobba. Vi har stort sett holdt oss inne i det dårlege vêret. Dersom ungane ikkje gjorde nytte for seg ved å henge opp- eller legge saman kle eller rydde........berre hengte vi dei opp i takbjelkane.


Dette biletet, med hovudet til Bjart som framstår som endå større enn vanleg, måtte berre med. Det ser ut som han har fått med dei grommaste graskar-genene både frå Bø-sida og Sandvik-sida.











torsdag 8. januar 2009



Ettersom mange av stadnamna i utmarka i Færøysundet har gått i gløymeboka, er Anna, Johannes og til dels Bjart, i ivrig kompaniskap med ein like barnleg far, iferd med å rekultivere også denne delen av landskapet. Her sit Solfrid og Johannes under "edderkoppen" på edderkoppbakkjen.
Anna på "Dragen" i dragehadlo. Og elles har vi både Goliatbakkjen og Flodhestflåen.






14 kg breiflabb



Og så kom denne sjødjevelen(ty:seeteufel), og mangla endå mindre på å vere diger. 14kg vog han, og tok heile badekaret.

lørdag 3. januar 2009



Og så fanga vi denne karen på trollgarn. Han såg ut som ei nise då han kom opp frå botnen, men viste seg, då han var oppe i båten, å mangle 23,5kg på dei tretti vi trudde han vog.....

Nyttår







Bjart var utslått av feber(40,4) nyttårsafta, då vi skulle til Færøysundet for å brenne bål. Vi var 31 stk til saman(ingen bilete av det gitt). Elles hoppa vi i sengene, spionerte på ørner som vi aldri såg og mata geitene på Stora Færøyo.