mandag 27. april 2009

Vi har fått:
















-omlag tjue lam





-trampoline av naboen.Ho var så lei av den at ho nesten kasta den etter oss. Eller nei, den er ikkje så lett å kaste etter nokon, ikkje er den så lett å flytte heller, dersom ein er lat på ein veldig underleg måte(ikkje gidd demontere noko), og skal få den ut av ein trang hage, over eit gjerde ned ei bratt skogkledd skårning, forbi tolv entusiastiske ungar og ned i neste hage 50 m unna.....men det gjekk!





-vere ein tur på Solgry på barnkoravslutning på torsdag.





-Ein flott floracollage på spisebordet.





-steikt vafler i Vaskesekjo, mellom summande bier, blektande lam og faktisk ein hoggorm, men den var langt unna.





tirsdag 21. april 2009

Helgatun

Skøyting i påskesnø med pulk og akebrett. Dersom Solfrid hang seg etter Anna, så vart det ei rett fin treningsøkt opp dei brattaste bakkane..........
Foto:Anna S. Bø

Foto: Johannes S. Bø


I helga var i på Helgatun i Myrkdalen på kyrjelydstur. Vi låg alle fem på eit dobbeltrom, og hadde omlag 1,4kvm golvplass(men dette er vel slik dei fleste folk i verda berre kan drøyme om å leve, og dessutan fekk vi betalt full pris, så det var sikkert bra:)



Anna har vorte ganske flink til å gå på ski, og Johannes prøvde seg litt både som fotograf og skiløpar. Begge deler var ganske vellukka.

Skihelg

Vi vart "pressa" til så mangt på denne skihelga(eller eigentleg var vel alt heilt frivilleg):
http://www.fitjarposten.no/artikkel/3653_stralande-kyrkjelydstur

tirsdag 14. april 2009

Og så figurer vi sjølvsagt i media:

http://www.fitjarposten.no/artikkel/3622_ein-skikkeleg-koseleg-kosekrok-
Det grønast i Vaskesekjo.


Den gamle stigen vert kasta på bålet, utan nostalgisk melankoli.






Bålbrenning i Vaskesekjo(Færøysundet)
Morten Abel stakk også innom

Onkel Øyvind(foto: Johannes)



Simon Andrè på besøk.


Kjèet Kjell, Arnstein og Lina.




Påska -09

Lammet Lars såg dagens lys palmesøndag. Anna spring som ein hjortefot, og fanga han inn.
Onklane til lammet lars er salige og gjorde nytte som lammegryte, og deretter som liggeunderlag.

Johannes gir ALT i reila!











søndag 5. april 2009

Kvifor?

Kvifor vi ikkje hadde fiksa oss nytt kamera då vi(eg) for ein gongs skuld tok med ungane ut i skogen her på fredag, og Anna klatra HØGT opp i alle "klatratrenå" ho fann, Johannes balanserte på ein flott steingard i låg påskesol og Bjart majestetisk vart plasert på "verdas største stubbe", det fattar ikkje vi heller. Men slik var det.
Vi vart pepra av flått i dette einelandskapet, men har nok fått vekk dei fleste no.

Astrid og Oddbjørn er på besøk hos oss(Anbjørg og Harald Johan har litt igjen av oppussinga av stova si).
Arnstein og Kristin var ein snartur innom,men forsvann på uforklarleg vis akkurat då eg hadde henta sauene til underhaldning for Lina. Tykkjer ikkje alle at sau er knallspanande?

I går grilla vi pølser, pizza og alt som sviast kunne på eit gigantisk einebål

I dag er Bjart heime med Astrid Og Oddbjørn.Og vi hadde ein av våre ytterst få "stå-opp-grytidleg-dagar"(ute av huset 06.55), som berre minner oss på at det er kjekt å IKKJE vere heiltidsjobbande begge to.

onsdag 1. april 2009

Målet for denne bloggen, så lenge Bodil og Hans Marius er i Afrika, må jo vere å gjere håplause forsøk på å skildre like eksotiske opplevingar som dei. Ein kamp som sjølvsagt er tapt på førehand.
Det næraste må vere då eg kom over tre hjortar medan eg praktiserte "elghufs" gjennom skogen for å hente nokre gjerdestolpar i går kveld. Dei to minste byksa av garde då eg kom med eit lite overraska utrop, men sjefen sjølv ville ikkje framstå som noka pyse. Så der stod vi i duskregnet i skyminga med tre granleggar og ti meter mellom oss. Eg kikka litt på eine sida av treet, han gøymte seg litt bak det neste. Så fekk eg augekontakt. Ettersom eg er predator med begge augene framme på skallen, gjekk det ikkje lenge får han spratt av gårde i arrogante sprunglauf. Men det var som om vi stod der og såg på kvarandre i tre minutt. Eg følte meg som Robert De Niro i hjortejegeren....Etter slike opplevingar kan eg ikkje skjøne at hjortejakt er noko problem.Målet, 250 kg, stor som ei kvige, står jo bom stille rett ved sida av ein.
SÅ, då er eg ferdig med mine 600m gjerde for denne gong. Eg har vore "karrieremann" siste veka, jobba slik familiefedre kanskje skal jobbe, frå 07.30-20.30. Først som fysioterapeut fram til fire, så bonde resten. Variasjonen gjer det faktisk overkomeleg, men ikkje så veldig freistande å halde fram med.
I kveld feirar Anna fem års dagen sin, så då må eg nok la landbruk vere landbruk.