søndag 24. januar 2010

http://www.fitjarposten.no/artikkel/4769_o.l.-i-osternes-

Her var vi i dag, Gloppevatnet. Bålbrenning og grilling i Færøysundet etterpå.

fredag 22. januar 2010


Johannes fraus litt på beina ein dag vi var på Færøysundvatn-isen. Og Solfrid fekk grå-rim-stenk i håret. Så det var nok ikkje varmare enn -10.
Vi is-fiska etter å ha banka eit hol i isen(men greidde vel ikkje anna enn å sette kroken fast i botn)

Om ikkje bileta der Sigurd var med var av den beste kvaliteten, var ikkje begeistringa mindre over å ha besøk av det einaste "ekta-austlands-syskjenbodnet".
Det har forøvrig kome eit søskenbarn til, nr 8, i Fosnavåg.Sara heiter visst ho.

I stova til mormor SKAL bileta bli slik(ettersom ein minimumstemperatur på 31,2 grader alltid vil medføre dogga linse på kameraet).



At biletet ville verte udugeleg med vårt billege kompaktkamera visste eg. Men denne veksande, noko tilbakelente halvmånen skal symbolisere, og gjere det mogleg for meg å få med at eg kl 20.17 i kveld kunne spasere ut døra, gå 30m og spenne på meg langrennskia og gå i oppkøyrte løyper for 30.dag på rad. Litt isete og hardt, noko som gjorde alt anna enn staking håplaust, men jammen har vi skiløyper på Fitjar også!

lørdag 16. januar 2010

Siste veka.

Fitjar-meisterskap på Reino(rett nedanfor huset) på Vestbøstad. Anna har konkuranseinstikt nett som faren, sjølv om han har prøvd å tone det ned siste ti åra(og meiner han eigentleg ikkje har noko slikt svulstig instinkt lenger:)
Etterpå var det middag med Brekke- og Eiken-gjester.

Færøysundsbrekko gav god fart i dag.Eg prøvde sjølv og sette utan tvil fartsrekord, bil, sykkel, ski og springing medrekna.300m på 24 sek!



Middels god is på Færøysundsvatnet.



Anna på vårt nett nedsaga tripp-trapp-styvings-tre.



fredag 1. januar 2010

Endå meir media

www.fitjarposten.no/artikkel/4643_kajakktur-til-fodno



Bileta er eg litt uskuldig i.Eg vart bedt om å skrive, så vart det slått saman av ein kreativ redaktør.