torsdag 8. mai 2014

søndag 22. desember 2013

Morotassane i Stord kommune gav Solfrid parkeringsbot. Eg, offerlammet, tok saka på meg og sendte inn klage: Kjære Stord kommune Historia mi er lang, eller nei den er jo ikkje det, berre 36 og eit halv år, men kapittel fire i sjølvbiografien min omhandlande den mentale helsa mi vil vere melankolsk og langtekkeleg lesing. Og no , Stord kommune, byen Stord eller kven de no er, er de medskuldige. FOR: eg vart så lei meg då eg kom ut til køyretyet mitt 01.11.13 og såg at eg ikkje hadde vore flink nok, meiner de, til å passe klokka. Eg er jo ein perfeksjonist! Og for oss perfeksjonistar kjennes det som å verte utskjelte når vi får gule plastremser i frontruta, eller andre hint som antydar at vi ikkje lever opp til det demokratiet forventar av oss. Køyreturen heim gjennom "morkjo" vart vond og vinglete. Det var truleg berre flaks at eg ikkje møtte ein hjorteflokk i Indianersvingen på Rydland og tok med meg heile buskapen i støtfangar og grill. Tenk kor ekkelt det ville vore med knekte hjortebeinpiper, punkterte kollelunger, ribber skjemte av magesyra frå dei to kalvane, og blod på den gule lappen som framleis låg å blafra der framme. Ja for eg miste all energi då eg såg denne lappen, og greidde ikkje ta den inn i bilen. Også litt av frykt for at handhygienen til parkeringsvaktene berre er sånn midt på treet. Tenk om eg hadde tatt med meg miltbrannbakteriar inn i bilen, smitta alle fire ungane mine, og dei igjen påført skular og barnehagar denne epidemien. Uff, slikt er ikkje kjekt å tenkte på. Det trur eg vi kan einast om. Seinare på dagen, då eg som friidrettstrenar, i min iver etter å skulle smelle ballen i korga hoppa opp og moste skallebrasken i korgballplata så blodet spruta, så tenkte eg på dykk igjen. De slørar motorikken min med slike trasige gule lappar under vindusviskaren. Vindusviskaren tok vi forøvrig under styrkesirkelen seinare på treninga. Den æra skal de ha. Det er ei flott øving der ein ligg på ryggen og med strake bein opp i lufta(90 grader bøy i hoftene) fører underekstremitetane frå side til side. Ypparleg styrking av mellom anna quadratus lumborum og mm obliquus abdominis som eg vil anbefale alle i administrasjonen å innføre i pausetrimmen som eg reknar med de har dei siste ti minutta av lunsjen kvar tysdag og torsdag. Bra! Så langt er vi einige. Men, la oss kome til saka: Eg gir dykk med dette ein sjanse til å ettergi heile "tilleggsavgifta", eller bota, som det då eigentleg er, av den enkle grunn at den er ilagt på feil grunnlag, meiner eg. Eit grunnlag som evt vil verte fyldig utbrodert på klageskjemaet. Dersom de, enn så trist og usannsynleg de måtte fortone seg for meg, finn å ikkje kunne ettergi bota slik på halv volley(ja for noko heil volley a la Van basten i EM 88 etter den vriene tverrsoverpasninga frå Arnold Muren, der Sovjet sin målmann Rinat Dasaev ikkje eingong rekk å reagere før ballen ligg i nota bak han, kan det nok uansett ikkje verte snakk om her) får de oversende klageskjema med alt det ekstra administrasjonsarbeidet det vil medføre. De vil som trøyst truleg få ei ekstra side i det allereie nemnde kapittelet i nemnde biografi, innhaldet på denne sida får vi kome tilbake til i seinare drøftingar. Eg har betalt dei "tilleggsavgiftene" eg tidlegare har vorte korrekt ilagt, men denne kjem truleg neppe blandt dei. Dei eg har klaga på har eg fått medhald i, for eg er seig, veldig seig. Saksnr 2009513 skjønar eg imidlertid ikkje noko av. Eg har ein del sakser, men iallfall ikkje så mange, så slutt å blande inn dei. Og så vil de altså selje bilen min for å dekke inn bota(står det på gulelappen). Morosamt! Då kan eg kanskje verte ilagt nokre hundre slike tilleggsavgifter. For det er vel slik at eg då kan få ein slags "tilleggsavgiftkonto" i kommunen?Bilen min må vere verdt minst 700 slike avgifter.Er i tilfelle rentenivået på denne kontoen fast eller flytande? Dersom det er sentralbanksjefen som også her er øvste autoritet, er eg kanskje på glid. Dersom ikkje er eg redd amatørmessig styring frå ein eller anna lokal Bi-utdanna kvasiøkonom kan skakkøyre heile det monetære fondet og vi brått kan få ei lita minifinanskrise for dei av oss som har investert i "tilleggsavgift". No har eg likevel ingen bil eg kan parkere hos dykk, for å nyttegjere meg av dette "tilleggsavgiftsfondet" mitt, dersom de sel den eine eg har. Eg har berre ein uregisrert Gråtass som går på finversdagar. Men dersom eg set den der vil kanskje den salskåte kommunale "tilleggsavgiftstakseringsansvarlege" kome å vurdere sal også av denne. Og den kan umogleg vere verdt så mange slike avgifter.Nei, han kjem sikkert ikkje, så det går nok bra. Eg skal halde meg til saka. Han har sikkert mykje anna å gjere den dagen, eller han er kanskje på seminar. Jaja, som de kanskje skjønar, når denne klaga vert sendt vidare til kommunepsykologen sitt bord for vurdering, så er eg høg på migrenemedisinar, noko eg meir eller mindre har vore sidan den ulukkessalige 01.11.13. Eg er imidlertid framleis eit stykke unna å verte umyndiggjort, så klaga er reell nok. Med venleg helsing, (ja eg er ein glad perfeksjonistisk migrenemann, så eg ønskjer dykk ein fin dag i administrasjonen. Det er ikkje kjekt å få verken mailar eller andre signal om at ein er udugeleg, tykkjer eg. Så du som har lest dette heilt til no, tenk på kor flink du er til mykje. Du må iallfall vere over gjennomsnittet tolmodig og ha ditto lesefart). Bård Inge Bø valbergvegen 17 5419 Fitjar                                                 

tirsdag 17. desember 2013

onsdag 27. november 2013

LISSY av Anna Sandvik Bø Lissy Lissy er ein villsau, han er eit værlam sjølv om han heiter Lissy. Eg gav han eit jentenavn fordi eg ville at han skulle leve lenger,søyene lever lenger enn værane,for værane skal på slakt. Når han vart fødd gjekk han i skårfeste,når me fant han hadde mora gått lei av å vente så ho var vekk. Derfor måtte me ta han med heim i garasjen. Der fekk han melk av ei tåteflaske. Melkepulveret hette pontus, og dette blanda me med vatn. Lissy fekk flaske heilt fram til St. Hans. Lissy vart veldig tam, og hobbyane hennar vart eting og kosing. Etinga kan du sjå på han, for før kunne du sjå ribbebeina hans men no klarar eg ikkje å bere han. Mat og drikke Lissy drakk melk, men no har han slutta med det. No er han heilt gal etter kraftfor, blad likar han også veldig godt. Favorittblada hans er kanskje ask og rogn. Men han et valigvis det han finn. Av drikke er det ikkje så spennande for av det drikk han berre vanleg vatn han finn i naturen og ikkje noko anna så lenge han er ein vanleg villsau som bur i Fitjar på ein ganske fin plass som heiter Færøysund. Han et også lyng, gras, høy, tong, tare og blomster. Får når eg skulle gå på tur med Lissy skulle det alltid vere pause ved naboen for ho hadde ei blomsterpotte med lyng der Lissy åt litt kvar dag, eg hugsar ikkje heilt korleis det endte men det kan vere att han åt opp heile lyngen til slutt. Om vinteren får dei enten silo eller tørka høy som me har hesja om sommaren,. Dei får også kjørv, det er tørka blad på greiner som er surra saman med tråd. Stell Lissy treng egentlig ikkje så masse stell, men me bør gi dei valbasen- og longamid-medisin som gjer at dei unngår mark i magen og diarè. Me gir dei også flått-medisin for at dei ikkje skal få leddbetennelse så lett. Å klippe ulla om sommeren er også ein viktig ting av stellet, viss du ikkje gjer det kan sauen blir for varm til at han klarer å beite, og blir liggande og pese, det blir også lite kjøtt av den grunn. Dei fleste lamma går det bra med, men nokre er så små at dei må bli tatt inn i løa der må dei få masse varme og kanskje litt kos men me må ikkje ta dei langt vekk frå mora, får då blir både mora og lamma redde og byrjar å rope på kvarandre. Lamma kan og bli så redde at dei byrjar å sparke viss du mistar lamma då kan dei byrja å springe løpsk rundt i låven. Det er og ein annan grunn til at me ikkje bør halde dei i byrjinga, då kan lamma få lukta di og ikkje mora si lukt , det kan føre til at mora ikkje vil ha lammet. Viss du spring lenge nok etter eit lam kan lammet bli så slite at det er dødt neste gong du kjem for å sjå etter det, og det er både kjedeleg og trist. Utsjånad Villsau vert også kalla stutthalesau eller korthalesau. Dette namnet har rasen fått fordi han har kortare hale enn til dømes ryggja- ,pels-, sjeviot-, texel- eller spelsauen. Når Lissy vart fødd hadde han heilt svart ull med ei kvit stjerne i panna. Men no er han nesten heilt grå, berre ikkje beina og hovudet, der er han heilt svart og det trur eg at han alltid kjem til å vere. Dei fleste villsauene er svarte, kvite, gråe, spraglete og av og til brune, det kan til og med hende at dei får ein liten blåfarge i ulla, men dette skjer berre når kvitfarga sauer er våte i ulla over lang tid, mens dei fleste andre rasane er berre kvitfarga. Alle værane har horn, det har nokre søyer også. Søyene sine horn står ofte rett opp og er korte, mens værane sine er meir krumma bakover og dei er lenger. Horna veks best om sommaren når det er masse mat og berre pittelitt om vinteren når det ikkje er masse mat. Nokre få værar har ikkje horn i det heile. Det kan vere for at han har stanga dei av seg eller så har dei berre ikkje vokst ut i det heile tatt. Viss du då skal skilje væren frå dei andre, og du ikkje klarer og fange dei og sjå under om dei har pung eller ikkje, så kan du sjå på hovudet for værane har eit ansikt som er litt meir trekanta med litt meir musklar. Klauvane er nesten som nokre super-fjellsko som er like mjuke som tøfler. Dei gjer slik att sauen aldri glir men held seg oppe. Dei kan gå opp nesten alle bratte berg. Sauen går eigentleg på tå, hælen er langt oppå leggen. Når lamma er nyfødde er det vanskeleg og skilje gutelamma frå jentelamma, for gutelamma har ikkje fått horn enno. Og gutelamma har heilt like spener som jentelamma. Når dei er lam så det er berre pungen som skiljer dei fra karandre. Ungar Ein villsau får oftast ein unge men det er og litt vanleg å få tvillingar. Det er meir en veldig sjelden men det kan skje at villsauen får tre ungar men då kan søya ikkje passe på ungen for det er ikkje nok melk til alle tre. Men hos andre raser er det like vanlig å få tvillingar som det er for villsauen å få eit lam, det er også nokre raser der det er uvanlig å få eit lam. I saueverda er det også slik at tvillingane kan vere både veldig like til heilt forskjellige slik som vanlege einegga og toegga mennesketvillingar er. Viss me forer sauene godt i desember er det større sjanse for at sauen får tvillingar, det er sirka ein av tre sauer som får tvillingar kvart år. Lammet sin størrelse kjem an på størrelsen til søya og kor masse mat søya har ete. Viss søya et alt for lite blir det lite melk til lammet og då blir lammet lite og magert. Lammet er i magen fem månader minus fem dagar. Lammet blir fødd ca rundt påsketider. Når lammet blir fødd er dei ofte ikkje større enn ein katt, men beina er litt lenger enn katten sine, det er kroppen som har lik størrelse. Eit sauesvangerskap er ganske langt i forhold til andre dyr på same størrelse. Dette er fordi når lammet blir fødd kan det både stå, springe og hoppe etter berre nokre få timar, det kan foreksempel ikkje kvalpen eller kattungen når dei blir fødde dei ligg der berre i ein liten ynkelig haug og held varmen. Lammet veks veldig fort. Etter berre nokre månader veg dei like mykje som si eiga mor. Sirka halvparten av lamma blir så store at dei kan bli slakta den samme hausten, resten blir slakta den neste hausten for dei er for små den første. Lamma hoppar av og til høkt opp i lufta, dette gjer dei for å vise att dei er for spreke til at foreksempel ørn og mink kan fange dei, dei tøffer seg nesten. Utstyr Sauene treng øyremerker, og for å få satt dei på treng me jo sjølvsagt ei øyremerketong, og så treng dei jo medisin to gongar i året. Elles er det ikkje så mykje anna utstyr dei treng. Men har du eit alelam som er heilt gal etter blomster og du skal til foreksempel mormor som har haugavis av dei, er det kansje lurt å ha band på han vis mormora di framleis vil ha blomster når dåke fer. Viss du ikkje har ei øy du kan ha flokken på og du vil ha styr på kor sauene dine er er det nok lurt å ha eit gjerde å gjerde sauene inne med sånn at dei ikkje rømmer. Og så trenger dei eit tøkje. Eit tøkje er ein plass der sauene får maten sin. Der kan du også fange sauene når dei skal få medisinen sin, men då er det viktig at dei er der ofte slik at dei ikkje blir redde for å gå inn når dei skal få medisinen sin. Kostnad Aller først må du jo kjøpe flokken og det kan vere veldig dyrt. No for tida koster ein sau 1000 og væren koster minst 1200 og eit lam 1000 det også. Eit alelam kostar veldig masse det også, for ein sekk med melkepulver koster 1000 kr. Alelammet kan ikkje drikke vanleg melk for det tåler dei ikkje. Men viss du går til eit fjøs og får melk rett fra kua då kan dei drikke det. Viss du ikkje har plass til sauene og må leige er det ikkje veldi dyrt for det kan vere at dei berre treng å gi litt kjøtt, men du må kanskje betale nokre tusen i året. Kraftforet koster 140 kr for 25 kilo og siloen kostar 350 kr for 700 kilo. For ein rull med gjerde som er 50 m lang kostar det 1000 kr, og ein gjerdestolpe koster sånn ca 30 kroner. Dette er Sebaldus den nye væren vår. Eg valgte Lissy fordi: -Sauene er nokre rare og morosame dyr. -Sauen er ikkje så vanleg som for eksempel hund og katt. -Det er ikkje så vanskelig å temme dei viss du berre prøve. -Eg sto opp klokka seks for å gi Lissy mat før eg gjekk på skulen. -Når eg skulle gå ut etter å ha gitt henne mat prøvde ho å stoppe meg. -Ho låg alltid på mitt fang når me skulle til Færøysund. -Ho var mitt første alelam. -Eg gjekk på tur med Lissy i nabolaget, og ein av naboane trudde att Lissy var ein hund

søndag 11. august 2013

"Fader i åkeren", ja eg seier det igjen; "F A D E R I Å K E R E N"! Det er kanskje litt stygt, og kler ikkje ein person som meg som bannar så lite. Eg hadde aldri tatt eit slikt ord i munnen min før eg vart 30 og hadde fått tredje ungen. Men etter den tid har det rakna litt for meg måtehaldsmessig språkvegen. Og det er jo litt synd ettersom eg alltid har barn rundt meg. Men eg skuldar litt på dei for munnbruken. Men kvifor "fader i åkeren". Jau, fordi eg akkurat no, dersom vi brukar fortellande presens; heng opp ned i ein badestamp BAK veggen som skal skilje vatnet frå omnen og skal spikre fast omnen til botnen av stampen, ettersom denne har løsna for andre gong etter ungane sine herjingar i stampen. Og der har ein vel litt av essensen i mine frustrasojnar. Alle mine elendige byggverk skal stort sett brukast av ungar, og deira sin bruk av ting er jo som kjent ein god kvalitetsindikator. Dei forventar kvalitet. Men ikkje denne karen, nei. Eg let meg ikkje vippe av pinnen. Eg held fram med mine svakelege midlertidige premanente løysingar. Vel, er det: 1.nokon som lurer på om det er STOR plass bak denne allereie nemnde veggen i badestampen. Og er det nokon som stussar på: 2 KVIFOR eg heng her opp ned, og ikkje rett veg til dømes? På spørsmål 1 er svaret: Svært liten plass På spørsmål 2 er svaret: det er grunna den minimale plassen at eg har måtta innta denne posisjonen for å få gjort det eg skal. Vel og merke etter at eg har prøvd ut 14 andre posisjonar. Eg heng på kanten av stampen etter framsida av låra. Det er ganske vondt, spikrane eg skal få nedi er for store så eg må slå 70 slag ekstra for å få dei nedi, eg har byrjande migrene, og NO KJEM EG MEG FOR SVINGANDE IKKJE OPP IGJEN, grunna ein kombinasjon av slutt på kreftene, vondt overalt og stress som gjer at eg ikkje er rasjonell i rørslene for å få løyst problemet. "AAAAAARRRRRGHHHH", ingen høyrer brølet, heldigvis. Ungane og Solfrid leikar 50 m vekke, dei skal ikkje finne meg slik. Skjønt om to timar besvimer eg sikkert. Heldigvis er det ikkje vatn i stampen. Vi får ta tak i det positive.

torsdag 4. juli 2013