mandag 22. juni 2009

Det er ikkje så godt å sjå forskjell på Anna og Mia. Men Anna går ikkje så mange stader utan veske...

Ung mann på tur.

fredag 19. juni 2009

Medan andre spring på Mt Mehru, Mt Mogadishu og Mt Mahatma, har Fitjar-bønder nok med Ramsberget(146moh), etter ein times padling. Utsikta kan umogleg vere veldig mykje dårlegare, for her ser vi langt.


I Stavanger fungert konseptet "Vi spring frå statue til statue og omfamnar dei"-stafett veldig bra som trening og framkomstmiddel.









Ein liten hyllest til ungane sin fotografikunst. Dette er Johannes sin protest på vårt stressa samfunn: "Trapp" og "Halvoppeten melon på litt soppangripen plaststol i Niels Juels gate 9 juni 2009".













På den utruleg festlege(for vaksne og barn) "opp-og-ned-og-rundt-og-rundt-vippe-karusellen", som gjer at sjølv far held ut meir enn fem minutt på ein leikeplass.








Johannes i ein augneblinks lukkerus der han med alle sansar tar innover seg det faktum at han står med to bilar i nevane.









Simba si erkjenning av at fysisk kontakt er viktig for trivsel, har ikkje avtatt med alderen.




fredag 12. juni 2009

Avlida, avliden, avlidnad

"Ho er død" stor-hulkar ei utrøsteleg Solfrid til meg i telefonen. Eg står på Skatholmen i Fitjarøyane på avslutningspadletur med KRIK-leiarane. Eitkvart forsøk på å få roa henne ned slik at eg kan få klarheit i heilt nøyaktig kven som er død, er fullstendig fånyttes. Så eg reknar meg fort fram til at eg i beste fall er degradert til to-barnsfar(ettersom ho ikkje kan kalle nokon av gutane for "ho")Men intensiteten og volumstyrken på gråten indikerer at dette kan vere veldig mykje verre enn at Anna skulle vere død.
Etter omlag to minutt med snørr-prat, kjem det fram at det er kjeet Lisa som har vandra heden denne fine vårkvelden. Ho har hoppa utfor ein kant med halsbandet sitt og truleg oppnådd anten ein ruptur av ligamentum cruciatum med påfølgande tverrsnittlesjon mellom axis og atlas(dei to øvste nakkevirvlane) og på denne måten kutta nervebanene til diaphragma eller berre kvelt seg sjølv på gamlemåten.
Eg veit ikkje om eg skal le eller æreskjelle denne kvinna i andre enden av røret som på dette lumske vis har manipulert mitt skjøre sinn. Vel er eg dyrevenn, men ein liten letta latter klarer eg å pressa fram når realitetane er eit faktum.

tirsdag 2. juni 2009

Dette er Lisa. Ho skal gå i hagen og gjere jobben til plenklipparen, dersom ho vert litt tammare og ikkje held fram med å vere livredd alt frå menneske til katten og flygande løvetannfrø.
Her er vi alle på veg mot Landasåto. Frå venstre; eg(eller fingeren min som skuggar for):Bjart(som ligg og søv i bæremeisen), Johannes, Solfrid og Anna.