fredag 23. desember 2011

Julebrevet som aldri vart godkjent, iallfall deler av det

"Fader i åkeren", tenkjer eg at Jessy Jensen ville sagt i min situasjon nett no. Eg ligg i stjerne over dobbeltsenga på 210x180, med ein ekstremitet i kvart hjørne og prøver å få dette hersens lakenet til å strekke til, men det gjer ikkje det(det passar sikkert knapt på minisenga til Bjart), nett som eg. Eg blir liggande, gir litt opp, kjenner på at eg slett ikkje er nokon alfahann, ikkje ein beta heller, kanskje i beste fall ein gamma med tvilsamt opprykk. Melankolien var her denne desemberdagen også, ahhh!

Elles:
Solfrid:
Telefon frå Solfrid heime til Bård Inge på siste arbeidsdagen før juleferien(kan gjerne lesast med høg Solfridsk skingrerøyst): «NO E HØNO I ADVENTSTAKJEN». Nokre av hønene har lært av katten og ser stadig sitt snitt til å stikke inn for ein matbit.
Dette kan truleg symbolsk oppsummere året vi har hatt. Ikkje så eksentrisk og voldsomt spanande, men kanskje ikkje heilt vanleg heller.

For ordens skuld, praktikaren i huset, Johannes(6) bukserte tuppa ut døra til veninnene sine.Johannes har ein fin tendens til å, på sin Sandviksk milde måte, "kle av" alle dei stygge, dårleg bygde og upraktiske byggverka faren slenger opp til høner og kattar i hagen, ved å påpeike openberre svakheiter ved dei. Faren frydar seg, ikkje berre over å kunne ha ein som kanskje greier å lappe sykkel på under fire timar ein gong i framtida, men over nok eit melankolsk stikk over eiga utilstrekkelegheit

Solfrid er heime med Gard(D`en er IKKJE stum). På Fitjar er dette namnet omlag like vanleg og velomtykt som Osama Behring Breivik, så guten bør iallfall bli sterk i hovudet:) Og for dei som kjenner namne- og kriminalitetssoga i Herøy gir onkel Arnstein sine ord ein heilt spesiell og meiningsfull klangbotn: «Han treng jo ikkje nødvendigvis bli ein notorisk valdektsforbrytar og kriminell»(1*). Truleg har han rett.
Fyren kom til verda på kyrkjelydstur i Myrkdalen, så det frie sjukehusvalet fall denne gongen på Voss fødestove.Eit par veker etterpå fekk vi prøvd ut to sjukehus til, då Bård Inge og Anna tok nokre saltoar på sykkel saman.

Nestminstemann, Bjart(4) leflar med tunge eksistensfilosofiske spørsmål som «koffår e da sjød»(kvifor er sjøen?).Vi har prøvd å pense han inn på Thales sine synspunkt rundt vatn, men han ser eigentleg ut til å vere nøgd med kva slags svar som helst.Han skuffar førebels litt der.

Anna(7,5) går i andre klasse.Spelar fotball, syng i kor, skal byrje på dans over jul, er litt med på friidretten, turn og søndagsskulen, så det bør vel halde. Forholdet til forledra er av ein slik karakter, tidvis, at det kanskje ikkje bør skildrast noko særleg meir inngåande, ettersom ho kan lese sjølv.

Firebarnsfar-avsporing

Eg ligg i fosterstilling på eit krøllete, skittent saueskinn, framføre ein sløkt kald peis, etter nok ei mislukka terskeløkt og luktar geit. Ungane og Solfrid sit og et middag, eg er grisesvolten, men eg greier ikkje reise meg opp og delta i familielivets gleder og plikter. Blodtrykket er truleg 185/100, eg kranglar med NAV, kommune og alle offentlege instansar eg kan kome på, og no ringer det på også; F...,lagsguten har nesten byrja å banne også. Vi får besøk av fire ungar til. Slik er det. Livet mitt akkurat no. Eg er knallpriviligert, truleg blant dei 5 mest vellukka promillene i dette landet utifrå alle objektive parameter.Men for all ettertid skal dette stå som eit monument over korleis meistringa mi var nett denne dagen, den 23122001. No MÅ eg ha meg noko mat!

tirsdag 6. desember 2011

onsdag 17. august 2011

fredag 6. mai 2011

torsdag 7. april 2011

Skitur til Myrkdalen

http://www.fitjarposten.no/interaktivt/item/6385-paskesno-paskefore-paskesolog-paskeregn

fredag 11. februar 2011

Fitjar-friidrett

http://www.fitjarposten.no/interaktivt/item/6167-god-fitjar-innsat-pa-friidrettsstemne