Den siste tida har skeptikarane mot å legge ut bilete på nettet av sladda grandtanter, firmenningar og tippolderforeldre, ikkje fått overtalt meg til å konvertere og få meg til å forstå at dei har skjøna noko heilt spesielt som eg ikkje har skjøna(og som dei fleste eigentleg slett ikkje er i stand til å forklare kva er), men iallfall bremse bilete-utlegginga mi litt.
I staden serverer eg, i beste O-fagsånd, omlag 20 "eg veit"-setningar om livet vårt:
Eg veit:
-at Solfrid tok bussen til Bergen for å besøke ei veninne akkurat no, og kjem igjen i kveld.
-at eg nett leverte mi siste honning til Fitjar såpekokeri, slik at ingrediensane i "jubileums-såpa" i høve kommunen sitt 150 års jubileum er sikra.
-at vi brann bål i Færøysundet i går.
-at der(i færøysundet) var mellom anna morfar,mormor,Carina, Mathias, Else, mange lam, og fleire til.
-korleis lyden av eit forfølgt ekorn(framleis i Færøysundet), i dødsangst forserande opp ei trestamme med imponerande aksellerasjon, er.
-kor langt dette ekornet er i stand til å hoppe(laaangt) frå tre til tre i si vidare flukt.
-at eg greidde halde 1min på runda gjennom dei obligatoriske 10 rundene i løypa i Færøysundet(årleg test;tid 9,53)
-at då vi slapp laus Solfrid frå Færøysundet(ho byrja jogge heimover), somla litt med å sette oss i bilen, kikka på Ella(lammet på Litla Færøyo) jaga Bykso innanfor gjerdet ein gong, så tok vi henne(Solfrid) ikkje igjen før Fitjar kultur og idrettsbygg(8,8km lenger framme).
-at Vestbøstad vel hadde 30 års jubileum i helga. Spørsmåla mine til sykkelnaturstien vart refuserte før nokon hadde sett dei(nokon som var kloke av skade?)
-at festen på kvelden minna meg på at vaksne folk si evne til å motta instruksar(i konkuransen som eg skulle ha) har det med å falle til sjimpansenivå dersom inntaket av etanolhaldige substansar overstig to øl.
-at mi evne, og ikkje minst interesse, til å føre ein vettug samtale synk til omlag same primat-nivå(sjimpanse) i eit lokale med eit støynivå som minner mest om grisehuset til tante Janna på Haga(der eg var eingong i 1987 eller deromkring)
-at eg snart må byrje å røyke(les:kunne gå utandørs) på slike festar. Der slepp ein iallfall føle seg som ein stokk døv 100 åring, og samstundes minkar ein den framtidige faren for å faktisk verte ein slik.
-at telefonkatalogen.biz har fått seg ein farleg seig fiende i underteikna. Dei har to gonger lurt meg(ja det går seint med meg, men når eg kjem i siget så er eg som eit lite tankskip) til å godta ein avtale på nettet, under påskot av at dette ikkje skulle koste noko.
-at forbrukarrådet ettertrykkeleg er gjort oppmerksame på dette.
-at varslingslisten skal få seg ei tilsvarande oppdatering.
-telefonkatalogen.biz iallfall skal få jobbe for dei eventuelle pengane dei trur dei kan få ut av meg(ved å svare på mailar, telefonar og anna "korrespondanse").
-at konfliktrådet skal få besøk om "biz" ønskjer det(etter anbefaling frå forbrukarrådet).
-at eg akkurat der slo i bordet over ungesyting og klaging(maskinen tok heldigvis ikkje skade).
-at ungane gnålar såpass mykje no, at dersom eg held fram med å neglisjere dei, så stig blodtrykket mitt såpass mykje at dei medisinane til formålet berre vil ha symbolsk verknad.
mandag 26. april 2010
søndag 11. april 2010
Helgatun-helga....
...vart vi visst heime.Det var sjølvsagt helsetilstanden til underteikna som svikta.Men denne gongen med noko så folkeleg og smittsamt som feber og litt spying(greit med litt variasjon frå migrena:)
I dag hadde vi besøk i Færøysundet av dei særs veloppdragne og hyggelege Mosaker`ane. Snille barn som får våre til å framstå som rølpete, framfusne baldrianar.Barn som likar sauer(Mosakers) , MÅ vel bli gode menneske.
Bålbrenning,lammefanging, sauemating,grilling,slengtauhopp,turning,reiling,padling og ein liten båttur rakk vi i veldig fint vårvær.Bilete frå denne seansen ville fått oss til å framstå som så kvalmande vellukka(barn med lyse lokkar i latterfull dans og leik mellom lamma i Edens hage), at vi berre let dei ligge:)
I dag hadde vi besøk i Færøysundet av dei særs veloppdragne og hyggelege Mosaker`ane. Snille barn som får våre til å framstå som rølpete, framfusne baldrianar.Barn som likar sauer(Mosakers) , MÅ vel bli gode menneske.
Bålbrenning,lammefanging, sauemating,grilling,slengtauhopp,turning,reiling,padling og ein liten båttur rakk vi i veldig fint vårvær.Bilete frå denne seansen ville fått oss til å framstå som så kvalmande vellukka(barn med lyse lokkar i latterfull dans og leik mellom lamma i Edens hage), at vi berre let dei ligge:)
Abonner på:
Innlegg (Atom)