lørdag 27. desember 2008

Julafta og romjul

Nobu-prest var med oss og feire jul. Eller d.v.s. vi var alle med og feire hos Harald Johan og Anbjørg(Solfrid sine foreldre). 12 stk til saman.










mandag 22. desember 2008

tirsdag 16. desember 2008

Færøysundet



Og her er husa i Færøysundet(det er faren til Solfrid som eig plassen) Vi brukar mykje tid der, på gardsdrifta vår, som er på mellomkrigsnivå(eg snakkar då om krim-krigen og den amerikanske borgarkrigen)

Dette er ein tidlegare handels- og gjestgjevarstad, som fram til for omlag 100 år sidan var husmannsplass under Nedre Levåg. Historia går iallfall tilbake til første halvdel av 1600-talet. Krambu, hummarpark, gardsdrift, maskinpark m.m. var i drift då plassen vart fråflytta i 1965.

Det er mykje dramatisk og spanande historie knytt til Færøysundet.

-Eit bombefly frå New Zealand, som vart skote ned av fortet på Sokksneset under siste krigen med to soldatar ombord, eksploderte i Færøysundet, begge omkom.

-Motstandsarbeid og gøyming av etterlyste krigsfangar under same krig.Bestefar til Solfrid enda i Sachsenhausen, men overlevde.

-Den tragiske skjebna til innehavaren på 1850-60-talet som tok livet sitt

-Kvinna som, under ein "fuktig" kveld på krambua i Færøysundet i 1650, la grunnlaget for å bli brent på bålet som "trollkjerring".

Kvardagsdramatikken som gjekk meir på å skaffe noko å leve av, er ikkje så godt dokumentert i historiebøkene. Men ei vandring i utmarka syner husruinar både i Litla Færøyo og i Klårneset. Stader så små og tungdrivne at sjølv Færøysundet må ha vore ein velstandsplass i samanlikning.

Kvar ei lita myr vart drenert, kvar ein grøn flekk vart rydda og slått. Rydningsrøyser på dei fleste store steinar der det uansett ikkje kunne vekse noko. Alle steingardane, nokre som peismurar, andre meir praktisk bygd. Kanskje er det litt av innsikta i dette slitet og respekta for dei som gjorde dette, som gjer meg fascinert av å slite opp einer, dra tømmerstokkar gjennom skogen, sette opp gjerde, rekonstruere kisteveiter og rekultivere dette landskapet som har stått meir eller mindre brakk siste 40 åra!(?)

I dag er husa utleigd til i første rekkje fiskeglade tyskarar i perioden april-okt/nov

Ungane

Anna er 4,5 år(vert fem 02.04.09). Ho går 50% i barnehagen, likar å synge, balansere, klatre, lese Snorre(eller bli lest til) og høyre på Vivaldi Ho er flink til å mate sauer og geiter, høgg oppfyringsved til oss, og passar på at alle oppfører seg; "vaksne gjer ikkje sånt, pappa". Storesøster, som vi prøver å ikkje gjere vaksen alt for fort.

Johannes vert tre år 19.01.09.Han går også i barnehagen 50%. Han er nok i litt trassalder. Når vi held han fast og spør kvifor han gjer rampestrekane sine, ser han på oss med store blå auge og eit lite smil og svarer: "fordi", tett fulgt av eit "unnskyld". Og så spring han rundt hjørnet og gjer det same ein gong til.
"Anna, då!" ropar han stadig i fortviling dersom han ikkje får det som han vil.
Johannes trivast godt i eige selskap, akkurat som faren. Mora er litt bekymra for det(og har kanskje grunn til det når ho ser på faren....)
Johannes er i storform om kveldane, og skal slutte HEILT å kvile middag.

Bjart vert 1 år 21.12.08. Han er heime enno, og skal fortsette med det fram til hausten. Han kan vise kor stor han er, går litt langs bord og benkar, og brukar gjerne stolar som rollator, heilt til dei kolvar, og han vert veldig overraska.

Solfrid 31 og eit halvt. Har vore heime siste året. Ho har fått fast jobb i heimesjukepleien, 100% frå nyttår av. Ho byrjar i 40% ettersom Bjart skal vere heime fram til hausten. Frå hausten går ho vel litt opp i stilling. Ho trimmar når ungane er i barnehagen, og er veldig sprek. Særleg i oppoverbakke. Ho sprang Fitjar halvmaraton i haust, utan at det kosta henne så mykje meir enn eit litt vondt bekken(ettersom dette var på asvalt og ho for så vidt fødde eit halvt år før).
Elles er ho søndagsskulelærar, småbarns-turninstruktør, med i forening, har sminkepary,tupperware-party, inviterer til middag og grilling i Færøysundet

mandag 15. desember 2008



















Denne helga, 13. og 14.12.08

Oppvarming framfor omnen, Stae Lucia-tog med barnehagen, vedaskog i Færøysundet(det som sauene ikkje åt opp), trillebår-trim opp og ned Færøysundsbrekko, baking og ymse.

onsdag 10. desember 2008

Og slik ser vi ut omlag no.











Dyr i Færøysund, og eit føl på Landa
































Lama og høner på Tuftaland. Sauer frå Færøysund.













Bilete frå jula, og eit ifrå sommaren 2007

tirsdag 9. desember 2008

Meir om meg:

"Eg er ein vanleg vestlandsgut på snart 32 år som likar å halde meg i form".

Noko av denne setninga stemmer ikkje. Eg er nok ikkje heilt vanleg, eg er sjeldan, eller "rare" som Elling seier. "Rare" er, i denne samanhengen, IKKJE i sterk kontrast til "rar". For, kona mi ber meg skrive:
-Eg plukkar opp alle tomflasker eg finn på min veg.
-Denne vegen vert stort sett tilbakelagt på ein Svithun -83 modell(sykkel) som eg fann i den 400 år gamle løa til svigerfar.
-Eg brukar stadig sykkelhjelm(elles er eg jo ingen rollemodell). Ein sak eg har ekspropiert frå kona mi og som er like urgrim som den Fatland-hua eg av og til brukar når eg jobbar i skogen.
-I skogen slit eg på "brakje", som einene heiter her. Eg ryddar meir beite for sauene mine. Eller eg dreg på ein tømmerstokk. Traktoren må stå, elles får eg ikkje trent. Den er i tillegg ikkje så veldig miljøvenleg.
-Eg får nervøse introverte raseritokter av at naboen er så fæl til å la bilen gå på tomgang. Eg greier aldri å seie noko til han, men ser stygt på bilen når eg går forbi, og det ikkje er nokon folk der.
-Eg ryddar beite fordi eg er fælt glade i dei 42 villsauene, 23 geitene og tre-fire omstreifar-hjortane som beitar i Færøysundet. Dei omlag 100000 biene som til våren vonlegvis byrjar å samle honning igjen i same området, vil truleg også nyte godt av dette. Bilete av alt saman kjem sikkert snart.

mandag 8. desember 2008

Navlebeskuing.blogspot.com

........eller noko slikt, hadde eg eigentleg tenkt å kalle denne bloggen. MEN, eg innser at vi heller kan gjere dette; Skrive "litt" om oss sjølv, legge ut bilete der vi febrilsk prøver å vise kor lukkelege vi er, skildre dei sunne interessene våre og ikkje nemne med eit ord at eg låste Anna ute på trappa i går og fem minutt etter skvetta vatn i fjeset på henne(ved hjelp av håret til dokka som ho bada i koppen sin då vi sat og åt), før Anna på ein overtydande måte kan fortelle meg at "voskne gjer ikkje slikt, pappa".....Ho har rett......

Dette fører til at vi kan styre unna det julekortet eg IKKJE har sett fram til å skrive med skrekkblanda angst. For før eller seinare måtte eg jo slutte å tulleskrive julekort, verte vaksen , sakeleg og legge fram fakta.
Årets julekort vil difor vere ei helsing der vi henviser til denne bloggen dersom folk er interesserte i meir sosialpornografi om oss. Så slepp dei som ikkje vil å lese om den inngrodde tånaglo til Johannes, detaljar rundt birøktinga i Færøysundet, at eg saga opp 1068 av plankebitane frå lageret til svigerfar i går(eg telte) eller at Bjart har sagt sitt første ord som var "onomatopoetikon-eufemisme"(eg er no komen minst eit halvt år fram i tid).