Oppvarming framfor omnen, Stae Lucia-tog med barnehagen, vedaskog i Færøysundet(det som sauene ikkje åt opp), trillebår-trim opp og ned Færøysundsbrekko, baking og ymse.
Gift,firebarnsfar til Anna 9,5 Johannes 8, Bjart 6 og Gard 2,5. Mor til barna heiter Solfrid, og ho er eg gift med(det var kanskje ikkje sjølvsagt).
Vedhoggande spring eg etter sauer, bier, geiter, høner, ein katt, med barn på slep(berre for å rettferdiggjere bruken av tid).Elles prøver eg å springe frå friidrettstrimmande, pasientar, ein del ansvar og bål, holmar og anna som eg nett har sett fyr på i biletleg eller praktisk tyding.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar