fredag 23. desember 2011

Firebarnsfar-avsporing

Eg ligg i fosterstilling på eit krøllete, skittent saueskinn, framføre ein sløkt kald peis, etter nok ei mislukka terskeløkt og luktar geit. Ungane og Solfrid sit og et middag, eg er grisesvolten, men eg greier ikkje reise meg opp og delta i familielivets gleder og plikter. Blodtrykket er truleg 185/100, eg kranglar med NAV, kommune og alle offentlege instansar eg kan kome på, og no ringer det på også; F...,lagsguten har nesten byrja å banne også. Vi får besøk av fire ungar til. Slik er det. Livet mitt akkurat no. Eg er knallpriviligert, truleg blant dei 5 mest vellukka promillene i dette landet utifrå alle objektive parameter.Men for all ettertid skal dette stå som eit monument over korleis meistringa mi var nett denne dagen, den 23122001. No MÅ eg ha meg noko mat!

Ingen kommentarer: