"Ho er død" stor-hulkar ei utrøsteleg Solfrid til meg i telefonen. Eg står på Skatholmen i Fitjarøyane på avslutningspadletur med KRIK-leiarane. Eitkvart forsøk på å få roa henne ned slik at eg kan få klarheit i heilt nøyaktig kven som er død, er fullstendig fånyttes. Så eg reknar meg fort fram til at eg i beste fall er degradert til to-barnsfar(ettersom ho ikkje kan kalle nokon av gutane for "ho")Men intensiteten og volumstyrken på gråten indikerer at dette kan vere veldig mykje verre enn at Anna skulle vere død.
Etter omlag to minutt med snørr-prat, kjem det fram at det er kjeet Lisa som har vandra heden denne fine vårkvelden. Ho har hoppa utfor ein kant med halsbandet sitt og truleg oppnådd anten ein ruptur av ligamentum cruciatum med påfølgande tverrsnittlesjon mellom axis og atlas(dei to øvste nakkevirvlane) og på denne måten kutta nervebanene til diaphragma eller berre kvelt seg sjølv på gamlemåten.
Eg veit ikkje om eg skal le eller æreskjelle denne kvinna i andre enden av røret som på dette lumske vis har manipulert mitt skjøre sinn. Vel er eg dyrevenn, men ein liten letta latter klarer eg å pressa fram når realitetane er eit faktum.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Nei og nei, dette var dramatisk! Det var nok rett og slett ei sjokkbehandling du vart utsett for. Eg levde meg delvis (for eg var jo medviten om at eg las eit referat som du ikkje ville ha skrive om det verst tenkjelege hadde hendt) inn i situasjonen du måtte vera i før alt vart oppklart. - Og i letta som fylgde. Takk og pris!!!
Dernest er det vel på sin plass å kondolera med Lisa...
Legg inn en kommentar