søndag 22. desember 2013
Morotassane i Stord kommune gav Solfrid parkeringsbot. Eg, offerlammet, tok saka på meg og sendte inn klage:
Kjære Stord kommune
Historia mi er lang, eller nei den er jo ikkje det, berre 36 og eit halv år, men kapittel fire i sjølvbiografien min omhandlande den mentale helsa mi vil vere melankolsk og langtekkeleg lesing. Og no , Stord kommune, byen Stord eller kven de no er, er de medskuldige. FOR: eg vart så lei meg då eg kom ut til køyretyet mitt 01.11.13 og såg at eg ikkje hadde vore flink nok, meiner de, til å passe klokka. Eg er jo ein perfeksjonist! Og for oss perfeksjonistar kjennes det som å verte utskjelte når vi får gule plastremser i frontruta, eller andre hint som antydar at vi ikkje lever opp til det demokratiet forventar av oss.
Køyreturen heim gjennom "morkjo" vart vond og vinglete. Det var truleg berre flaks at eg ikkje møtte ein hjorteflokk i Indianersvingen på Rydland og tok med meg heile buskapen i støtfangar og grill. Tenk kor ekkelt det ville vore med knekte hjortebeinpiper, punkterte kollelunger, ribber skjemte av magesyra frå dei to kalvane, og blod på den gule lappen som framleis låg å blafra der framme. Ja for eg miste all energi då eg såg denne lappen, og greidde ikkje ta den inn i bilen. Også litt av frykt for at handhygienen til parkeringsvaktene berre er sånn midt på treet. Tenk om eg hadde tatt med meg miltbrannbakteriar inn i bilen, smitta alle fire ungane mine, og dei igjen påført skular og barnehagar denne epidemien. Uff, slikt er ikkje kjekt å tenkte på. Det trur eg vi kan einast om.
Seinare på dagen, då eg som friidrettstrenar, i min iver etter å skulle smelle ballen i korga hoppa opp og moste skallebrasken i korgballplata så blodet spruta, så tenkte eg på dykk igjen. De slørar motorikken min med slike trasige gule lappar under vindusviskaren. Vindusviskaren tok vi forøvrig under styrkesirkelen seinare på treninga. Den æra skal de ha. Det er ei flott øving der ein ligg på ryggen og med strake bein opp i lufta(90 grader bøy i hoftene) fører underekstremitetane frå side til side. Ypparleg styrking av mellom anna quadratus lumborum og mm obliquus abdominis som eg vil anbefale alle i administrasjonen å innføre i pausetrimmen som eg reknar med de har dei siste ti minutta av lunsjen kvar tysdag og torsdag. Bra! Så langt er vi einige.
Men, la oss kome til saka:
Eg gir dykk med dette ein sjanse til å ettergi heile "tilleggsavgifta", eller bota, som det då eigentleg er, av den enkle grunn at den er ilagt på feil grunnlag, meiner eg. Eit grunnlag som evt vil verte fyldig utbrodert på klageskjemaet.
Dersom de, enn så trist og usannsynleg de måtte fortone seg for meg, finn å ikkje kunne ettergi bota slik på halv volley(ja for noko heil volley a la Van basten i EM 88 etter den vriene tverrsoverpasninga frå Arnold Muren, der Sovjet sin målmann Rinat Dasaev ikkje eingong rekk å reagere før ballen ligg i nota bak han, kan det nok uansett ikkje verte snakk om her) får de oversende klageskjema med alt det ekstra administrasjonsarbeidet det vil medføre. De vil som trøyst truleg få ei ekstra side i det allereie nemnde kapittelet i nemnde biografi, innhaldet på denne sida får vi kome tilbake til i seinare drøftingar.
Eg har betalt dei "tilleggsavgiftene" eg tidlegare har vorte korrekt ilagt, men denne kjem truleg neppe blandt dei. Dei eg har klaga på har eg fått medhald i, for eg er seig, veldig seig.
Saksnr 2009513 skjønar eg imidlertid ikkje noko av. Eg har ein del sakser, men iallfall ikkje så mange, så slutt å blande inn dei.
Og så vil de altså selje bilen min for å dekke inn bota(står det på gulelappen). Morosamt! Då kan eg kanskje verte ilagt nokre hundre slike tilleggsavgifter. For det er vel slik at eg då kan få ein slags "tilleggsavgiftkonto" i kommunen?Bilen min må vere verdt minst 700 slike avgifter.Er i tilfelle rentenivået på denne kontoen fast eller flytande? Dersom det er sentralbanksjefen som også her er øvste autoritet, er eg kanskje på glid. Dersom ikkje er eg redd amatørmessig styring frå ein eller anna lokal Bi-utdanna kvasiøkonom kan skakkøyre heile det monetære fondet og vi brått kan få ei lita minifinanskrise for dei av oss som har investert i "tilleggsavgift".
No har eg likevel ingen bil eg kan parkere hos dykk, for å nyttegjere meg av dette "tilleggsavgiftsfondet" mitt, dersom de sel den eine eg har. Eg har berre ein uregisrert Gråtass som går på finversdagar. Men dersom eg set den der vil kanskje den salskåte kommunale "tilleggsavgiftstakseringsansvarlege" kome å vurdere sal også av denne. Og den kan umogleg vere verdt så mange slike avgifter.Nei, han kjem sikkert ikkje, så det går nok bra. Eg skal halde meg til saka. Han har sikkert mykje anna å gjere den dagen, eller han er kanskje på seminar.
Jaja, som de kanskje skjønar, når denne klaga vert sendt vidare til kommunepsykologen sitt bord for vurdering, så er eg høg på migrenemedisinar, noko eg meir eller mindre har vore sidan den ulukkessalige 01.11.13. Eg er imidlertid framleis eit stykke unna å verte umyndiggjort, så klaga er reell nok.
Med venleg helsing, (ja eg er ein glad perfeksjonistisk migrenemann, så eg ønskjer dykk ein fin dag i administrasjonen. Det er ikkje kjekt å få verken mailar eller andre signal om at ein er udugeleg, tykkjer eg. Så du som har lest dette heilt til no, tenk på kor flink du er til mykje. Du må iallfall vere over gjennomsnittet tolmodig og ha ditto lesefart).
Bård Inge Bø
valbergvegen 17
5419 Fitjar
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar