onsdag 1. april 2009

Målet for denne bloggen, så lenge Bodil og Hans Marius er i Afrika, må jo vere å gjere håplause forsøk på å skildre like eksotiske opplevingar som dei. Ein kamp som sjølvsagt er tapt på førehand.
Det næraste må vere då eg kom over tre hjortar medan eg praktiserte "elghufs" gjennom skogen for å hente nokre gjerdestolpar i går kveld. Dei to minste byksa av garde då eg kom med eit lite overraska utrop, men sjefen sjølv ville ikkje framstå som noka pyse. Så der stod vi i duskregnet i skyminga med tre granleggar og ti meter mellom oss. Eg kikka litt på eine sida av treet, han gøymte seg litt bak det neste. Så fekk eg augekontakt. Ettersom eg er predator med begge augene framme på skallen, gjekk det ikkje lenge får han spratt av gårde i arrogante sprunglauf. Men det var som om vi stod der og såg på kvarandre i tre minutt. Eg følte meg som Robert De Niro i hjortejegeren....Etter slike opplevingar kan eg ikkje skjøne at hjortejakt er noko problem.Målet, 250 kg, stor som ei kvige, står jo bom stille rett ved sida av ein.
SÅ, då er eg ferdig med mine 600m gjerde for denne gong. Eg har vore "karrieremann" siste veka, jobba slik familiefedre kanskje skal jobbe, frå 07.30-20.30. Først som fysioterapeut fram til fire, så bonde resten. Variasjonen gjer det faktisk overkomeleg, men ikkje så veldig freistande å halde fram med.
I kveld feirar Anna fem års dagen sin, så då må eg nok la landbruk vere landbruk.

Ingen kommentarer: