Bjart var utslått av feber(40,4) nyttårsafta, då vi skulle til Færøysundet for å brenne bål. Vi var 31 stk til saman(ingen bilete av det gitt). Elles hoppa vi i sengene, spionerte på ørner som vi aldri såg og mata geitene på Stora Færøyo.
Gift,firebarnsfar til Anna 9,5 Johannes 8, Bjart 6 og Gard 2,5. Mor til barna heiter Solfrid, og ho er eg gift med(det var kanskje ikkje sjølvsagt).
Vedhoggande spring eg etter sauer, bier, geiter, høner, ein katt, med barn på slep(berre for å rettferdiggjere bruken av tid).Elles prøver eg å springe frå friidrettstrimmande, pasientar, ein del ansvar og bål, holmar og anna som eg nett har sett fyr på i biletleg eller praktisk tyding.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar