fredag 27. mars 2009

Biletet over skal berre illustrere "kor møkje eg har strekt grensene for ka eg kunne forventa"(skal uttalast med Hans Mariusk Koppervik-Bokn-blandingsdialket) Solfrid vert nok for lite avbilda her.
Under ser vi Blåmann-mandrillen vår som noko seinare endå sine dagar i eit tilsvarande klatrestunt. Han er no vorten mat for are og kórr(gamalfitjarsk for to fugleartar, nokon som greier å tyde begge?)


mandag 23. mars 2009

Tur til Bergen

Frå vår tipsar i Bergen(Øyvind,med fungerande kamera) har vi mottatt desse bileta.Høvesvis frå besøk hos Målfrid og Chance og hos Pingo.


tirsdag 17. mars 2009

Bibæbø-knø

Bibæbø har altså fått eit tillegg, Bibæbø-knø(kanskje med eit -mø også ein dag? Sjølv om Solfrid er tilbakehalden med at vi skal ha ein alekalv som ein vakker dag vert ein illsint Ferdinand vi må leike Toreador med). Eg har byrja litt som privat fysioterapeut og prøver å få pressa dette inn i same enkeltmannsforetak som saue- geite- og bidrifta. Og det raraste er at landbruksrekneskapsførarane ikkje hevar på eit augebryn når eg foreslår det:) Med erfaringar frå tidlegare konstellasjonar som "ku og kamin"(ein bonde som dreiv montering av oljekaminer), så er det kanske ikkje så underleg.

mandag 16. mars 2009

Clostridium fossefallis

Siste nytt, i tilegg til at kameraet deisa i golvet for 3. gong i går, frå stor høgde og endeleg tok ein definitiv kveld, er at det har vore fri flyt og "flate-skjema-strekar" siste veka(for dei som vil skjøne det). Det kan berre gå ein veg med oss, men det går seint. Den einaste helsesterke er Solfrid, men ho er då også sjukepleiaren, så det rimar.

Besøket på akvariet i Bergen, for dei mest oppegåande, var nok ein suksess i går. Det same var besøket hos onkel Chance("som har ein bror som è heilt like seg", hevda Anna) og tante Målfrid.

mandag 9. mars 2009


Berre eg og ungane heime store deler av denne helga også(så fekk eg fram det).

Anna og Simba (Felix) likar seg føre omnen om kvelden.

mandag 2. mars 2009

Kamp!


Eg skjøna i går kvifor eg har litt høgt blodtrykk.

Solfrid jobba heile helga, så eg sette meg ned framfor TV`en for å sjå på den siste halvtimen av 50km i VM. Ungane(Anna og Bjart) leika nokolunde fredeleg inne på naborommet.

Då det var 15 km igjen av løpet fann Anna ut at ho ville sjå på skøyter, ikkje på ski. Det var ikkje måte på kor gjerne ho ville sjå på skøyter.Iallfall ville ho det såpass gjerne at ho fann det nødvendig å presisere det omlag 34 gongar, høgt og tydeleg, inn i det høgre øyret mitt, medan ho låg på sofaryggen bak meg og vippa.
Bjart fatta interesse for ståket( då det var 10 km igjen)og ville vere med. Han kasta seg inn i kampen om ein av dei tre fjernkontrollane, som alle er i stand til å slå av TV´en på kvar sin finurlege måte. Etter fem minutts tid(eg gadd ikkje reise meg opp, gå tre meter og legge fjernkontrollane på ein trygg plass, eg berre flytta dei rundt, for å stresse meg sjølv opp maksimalt) fekk han tak i den eine og skrudde av lyden. Eg anar ikkje korleis han gjorde det, men fekk den då på igjen.Dei andre fjernkontrollane fylte han med slev, slik at dei iallfall ikkje skal fungere før dei har tørka framfor omnen i nokre døger.7 km igjen.

Deretter fekk han tak i eit lite spel Anna hadde funne fram. Spelet, beståande av 36 små brikar(0,05kvadratcentimeter store), fekk han presist slengt ned trappehuset, slik at dei fint fordelte seg utover eit forbløffande stort område. Northug rakk iallfall å gå to-tre km før vi fann igjen alle brikkane, den siste djupt nede i kattamaten.4 km igjen

Så fann Anna ut at det var lenge sidan nokon hadde praktisert høge kneløft i sofaen. Om underlaget ho traff med dei spisse hælane sine var sofa-hud, menneskehud eller andre ting på menensket(far) som har med om ein kan få fleire søsken å gjere, tok ho ikkje så tungt.2km igjen.

Northug posisjonerer seg, kjem inn på oppløpsida, leiar, sig litt ifrå konkurentane, går over mål.Då, omlag synkront, olbogar Anna meg, med imponernade kraft, i høgre tinning(i det ho er i ferd med å miste balansen ståande i den lumske sofaen) og Bjart BIT meg i låret, og etterlet ein fin fuktig flekk.

Johannes låg og sov nede i gangen medan dette pågjekk. Med ein støvel, jakka halvvegs på og hua rett ved sida av seg. Han kom berre såvidt inn døra før han stupte.Eg tør ikkje tenkte på korleis innspurten på 5-mila ville vore med han til stades. Han er verkeleg i trass-alder.....
På biletet har vi nettopp fått han tilbake til det vakne livet.

onsdag 25. februar 2009

Besøk frå Sunnmøre

Dei fekk kost og losji, så sette vi dei i arbeid. Ungane tykte ikkje det var spanande å sove då.