torsdag 18. februar 2010

Bjart er førstemann til å kle på seg, og er konsekvent på at hua skal vere bakfram og støvlane på feil fot(eller "rongepådl" som det heiter på Fitjarsk)
Det sunne alternativet til sukkerhungrige barnehageungar i høve Johannes sin bursdag: Fruktpinnsvinn.

Og så var det ein engel som kom innom i høve barnehagekarnevalet.....


....og ein nisse som ikkje ville verte fotografert ein tidleg morgon, kl er 05.59



Bjart sparar ikkje på konfekten når Simba Felix skal få mat.

mandag 8. februar 2010

Og etter at eg sendte dei ein liten mail, fekk eg forsynemeg ei t-skjorte i posten.

Bakgrunn >
Eg var nær ved å ramle ned frå den 8m nykydla furua eg sat i toppen av då det tikka inn melding på mobilen om at kona(eller eigentleg EG) hadde vore sitert i det vyrde radioprogrammet dykkar.Eg fekk til slutt kara meg ned på bakken, sauene såg rart på meg, og eg stod der ute i skogen, snøen dekka vakkert og meinigsfullt landskapet, alt i sterk kontrast til tankane mine "KVIFOR, KVIFOR? >

Drøfting
I ein liten misforstått augneblinkt av forvilla u-pr-kåt storsinn hadde eg sendt inn NOK EIT notis til Fitjarposten og signert det med kona sitt namn. Faktum var sjølvsagt at det var EG som både fann skoa og skreiv denne ikkje så reint lite underhaldande kronikken om fjellskoa. Eg har ei forbløffande evne til å kome med på bilete når media er tilstades, og no også, ser det ut til, å verte sitert på eteren. Men denne eine ubetydelege gongen skulle altså kona få tre fram i rampelyset heilt lokalt. Ho veit sjøvsagt ikkje å sette pris på dette no som ho har vorte rikskjendis.
Konklusjon;
Så berre så de altså veit det: Dette var MITT verk. Kona,sjukepleiar som ho er, kunne ikkje kome med "ytterlegare detaljar" om brukaren sitt gangmønster(høgst truleg ein sjeldan kombinasjon av forfotsvarus, overpronasjon og vinkeltå ut ifrå slitasjen på sålen å bedømme) Medan eg, truleg kunne godsnakka om dette ei heil stund.

Ei heller leflar eg med krumkaka-hedonisme noko overståande sitat "nykydla furua eg sat i toppen av" med all mogleg tydelegdom måtte klårgjere.

Mvh Bård Inge Bø
Etnisk sunnmøring
Fysioterapeut Fitjar kommune
Sauebonde
Manuell grøftegravar
Birøktar
Kulturbeiteryddar
Gjerdestolpeprodusent etter steinaldermetoden
Vedhoggar etter mellomkrigsmetmeoden(mellom napoleonskrigen og krimkrigen) etc etc

søndag 7. februar 2010

http://www.p4.no/player/player.aspx?channel=&type=podcastclip&id=354531

Etter at vi framstod som gode borgarar( vi fann eit par fjellsko i vegen), vart vi eksponerte i den fjerde statsmakt både skriftleg og munnleg.Klikk gjerne på linken og spol fram til 30:50 ut i sendinga.

Det einaste litt bitre for den aldri så lite pr-kåte underteikna, var at han skreiv under med Solfrid sitt namn sjølv om han sjølv stod for både opplukking og skriftleg skildring til Fitjarposten(han gadd berre ikkje ta imot telefonar frå eventueller framande folk).

søndag 24. januar 2010

http://www.fitjarposten.no/artikkel/4769_o.l.-i-osternes-

Her var vi i dag, Gloppevatnet. Bålbrenning og grilling i Færøysundet etterpå.

fredag 22. januar 2010


Johannes fraus litt på beina ein dag vi var på Færøysundvatn-isen. Og Solfrid fekk grå-rim-stenk i håret. Så det var nok ikkje varmare enn -10.
Vi is-fiska etter å ha banka eit hol i isen(men greidde vel ikkje anna enn å sette kroken fast i botn)

Om ikkje bileta der Sigurd var med var av den beste kvaliteten, var ikkje begeistringa mindre over å ha besøk av det einaste "ekta-austlands-syskjenbodnet".
Det har forøvrig kome eit søskenbarn til, nr 8, i Fosnavåg.Sara heiter visst ho.

I stova til mormor SKAL bileta bli slik(ettersom ein minimumstemperatur på 31,2 grader alltid vil medføre dogga linse på kameraet).



At biletet ville verte udugeleg med vårt billege kompaktkamera visste eg. Men denne veksande, noko tilbakelente halvmånen skal symbolisere, og gjere det mogleg for meg å få med at eg kl 20.17 i kveld kunne spasere ut døra, gå 30m og spenne på meg langrennskia og gå i oppkøyrte løyper for 30.dag på rad. Litt isete og hardt, noko som gjorde alt anna enn staking håplaust, men jammen har vi skiløyper på Fitjar også!

lørdag 16. januar 2010

Siste veka.

Fitjar-meisterskap på Reino(rett nedanfor huset) på Vestbøstad. Anna har konkuranseinstikt nett som faren, sjølv om han har prøvd å tone det ned siste ti åra(og meiner han eigentleg ikkje har noko slikt svulstig instinkt lenger:)
Etterpå var det middag med Brekke- og Eiken-gjester.

Færøysundsbrekko gav god fart i dag.Eg prøvde sjølv og sette utan tvil fartsrekord, bil, sykkel, ski og springing medrekna.300m på 24 sek!



Middels god is på Færøysundsvatnet.



Anna på vårt nett nedsaga tripp-trapp-styvings-tre.