mandag 26. april 2010

Eg veit......

Den siste tida har skeptikarane mot å legge ut bilete på nettet av sladda grandtanter, firmenningar og tippolderforeldre, ikkje fått overtalt meg til å konvertere og få meg til å forstå at dei har skjøna noko heilt spesielt som eg ikkje har skjøna(og som dei fleste eigentleg slett ikkje er i stand til å forklare kva er), men iallfall bremse bilete-utlegginga mi litt.

I staden serverer eg, i beste O-fagsånd, omlag 20 "eg veit"-setningar om livet vårt:

Eg veit:
-at Solfrid tok bussen til Bergen for å besøke ei veninne akkurat no, og kjem igjen i kveld.
-at eg nett leverte mi siste honning til Fitjar såpekokeri, slik at ingrediensane i "jubileums-såpa" i høve kommunen sitt 150 års jubileum er sikra.
-at vi brann bål i Færøysundet i går.
-at der(i færøysundet) var mellom anna morfar,mormor,Carina, Mathias, Else, mange lam, og fleire til.
-korleis lyden av eit forfølgt ekorn(framleis i Færøysundet), i dødsangst forserande opp ei trestamme med imponerande aksellerasjon, er.
-kor langt dette ekornet er i stand til å hoppe(laaangt) frå tre til tre i si vidare flukt.
-at eg greidde halde 1min på runda gjennom dei obligatoriske 10 rundene i løypa i Færøysundet(årleg test;tid 9,53)
-at då vi slapp laus Solfrid frå Færøysundet(ho byrja jogge heimover), somla litt med å sette oss i bilen, kikka på Ella(lammet på Litla Færøyo) jaga Bykso innanfor gjerdet ein gong, så tok vi henne(Solfrid) ikkje igjen før Fitjar kultur og idrettsbygg(8,8km lenger framme).
-at Vestbøstad vel hadde 30 års jubileum i helga. Spørsmåla mine til sykkelnaturstien vart refuserte før nokon hadde sett dei(nokon som var kloke av skade?)
-at festen på kvelden minna meg på at vaksne folk si evne til å motta instruksar(i konkuransen som eg skulle ha) har det med å falle til sjimpansenivå dersom inntaket av etanolhaldige substansar overstig to øl.
-at mi evne, og ikkje minst interesse, til å føre ein vettug samtale synk til omlag same primat-nivå(sjimpanse) i eit lokale med eit støynivå som minner mest om grisehuset til tante Janna på Haga(der eg var eingong i 1987 eller deromkring)
-at eg snart må byrje å røyke(les:kunne gå utandørs) på slike festar. Der slepp ein iallfall føle seg som ein stokk døv 100 åring, og samstundes minkar ein den framtidige faren for å faktisk verte ein slik.
-at telefonkatalogen.biz har fått seg ein farleg seig fiende i underteikna. Dei har to gonger lurt meg(ja det går seint med meg, men når eg kjem i siget så er eg som eit lite tankskip) til å godta ein avtale på nettet, under påskot av at dette ikkje skulle koste noko.
-at forbrukarrådet ettertrykkeleg er gjort oppmerksame på dette.
-at varslingslisten skal få seg ei tilsvarande oppdatering.
-telefonkatalogen.biz iallfall skal få jobbe for dei eventuelle pengane dei trur dei kan få ut av meg(ved å svare på mailar, telefonar og anna "korrespondanse").
-at konfliktrådet skal få besøk om "biz" ønskjer det(etter anbefaling frå forbrukarrådet).
-at eg akkurat der slo i bordet over ungesyting og klaging(maskinen tok heldigvis ikkje skade).
-at ungane gnålar såpass mykje no, at dersom eg held fram med å neglisjere dei, så stig blodtrykket mitt såpass mykje at dei medisinane til formålet berre vil ha symbolsk verknad.

søndag 11. april 2010

Helgatun-helga....

...vart vi visst heime.Det var sjølvsagt helsetilstanden til underteikna som svikta.Men denne gongen med noko så folkeleg og smittsamt som feber og litt spying(greit med litt variasjon frå migrena:)
I dag hadde vi besøk i Færøysundet av dei særs veloppdragne og hyggelege Mosaker`ane. Snille barn som får våre til å framstå som rølpete, framfusne baldrianar.Barn som likar sauer(Mosakers) , MÅ vel bli gode menneske.
Bålbrenning,lammefanging, sauemating,grilling,slengtauhopp,turning,reiling,padling og ein liten båttur rakk vi i veldig fint vårvær.Bilete frå denne seansen ville fått oss til å framstå som så kvalmande vellukka(barn med lyse lokkar i latterfull dans og leik mellom lamma i Edens hage), at vi berre let dei ligge:)

tirsdag 30. mars 2010

Små vikingar i Fitjarposten

Tema har vore Håkon den gode Adalsteinfostre, så her anar vi konturane av nokre lokalhistorisk medvitne småtroll.
Rekonstruksjon av slaget på veidevollen.


søndag 28. mars 2010

Loten 27.-28.03.10

På hytta til t.Bodil og o.Hans Marius
Vakker soloppgang fanga inn av Anna, som var den einaste vakne.

Veldig fin hytte!


Mange velutnytta, praktiske soverom.



fredag 26. mars 2010

Bileta kjem sjølvsagt alltid i omvendt rekkefølgje av det ein har tenkt.Dette er eit "etter-bilete". "Før-biletet" vart det ikkje noko av fordi eg skalv slik på handa av sinne.Bjart hadde, med fynd og ein god del klem, nappa ut ei monaleg mengd av tastane på datamaskina.Ikkje nok med det, men understellet(under tastane) var også plukka ut, demontert,tygd litt på,og strødd fint utover golvet.Det tok meg 1time og 43 minutt å få det på plass....og truleg er berre omlag 60% av alt, ctrl, Fn ,etc-tastar på rett plass.Kvart mellomrombrukaromlageithalvtsekundpååslåinn,omdetidetheilegjerdet


Årets førstefødde,"Stella"(med ei kvit stjerne på hovudet)


søndag 7. mars 2010

Ei lita litt stor jente i bakgrunnen

Og berre for å vise at vi framleis HAR taket på den fjerde stasmakt/dei er ikkje så kresne på kva dei tar inn:http://www.fitjarposten.no/artikkel/4940_temaveke-for-heile-familien

fredag 5. mars 2010

Fitjars styggaste og kanskje høgaste snømann.....

......stod iallfall ei lita stund. 4m høg.