"Vil høyra på boys", seier Anna til stadigheit. Og som den musikalsk kvalitetsmedvitne fireogeithalvtåringen ho er, så er det ikkje kva som helst slags "boyband" ho vil høyre på. Herøy mannskor sin "Skomværvalsen" av Erik Bye er ein stor favoritt. Og resten av familien protesterer faktisk ikkje dei heller, anten det er i bilen eller i stova.
"Me è så gla i bestefar" proklamerte Johannes, ståande oppå ein pinnestol midt i stova under ei slik avspeling her ein dag. Så her har du ein forholdsvis dedikert fan-club avdeling Fitjar, O.A Bø/Herøy mannskor.
No er det lutefisk-middag i Sandvikjo. Underteikna er lova alternativ mat, og har faktisk med seg Pizza-restar frå i går.
Elles har eg klart å kravle meg opp frå saueskinnsfellen framføre omnen(litt vond rygg om dagen), og plaska ein tur rundt Eldøyane no i føremiddag, saman med Tom Rydland(OBS Hans Marius: Det er han som faktisk kan matche deg i det meste av det du er god på. Og det var ein kompliment til dykk begge). Den vonde ryggen gløymer eg imidlertid dersom eg vert såpass sliten på ei økt, at "kroppsvondtane" i bein, andedrettssytem etc overgår ryggsmertene.....noko å ta med seg over i rehabiliteringsprosessen på jobben?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Berre for å bekrefte at du ikkje er åleine her inne så er eg også her.
No er ikkje eg nokon ekspert på Erik Bye, men eg vil tru det her er snakk om 'Skomværsvalsen'.
Skomvær er ei øy i Røst kommune, heilt ytterst i Lofoten. Truleg er øya mest kjend for fyret sitt. Dette vart bygd i 1887 og automatisert i 1978. Fyret har eit 31.7 meter høgt støypejernstårn.
Siden fyret vart avbemanna i 1978 har fyrvaktarboligen stått til forfalls og den er i dag i dårleg forfatning. Kystverket er bekymra, men manglar pengar til å vedlikehalde fyret. Røst kommune ynskjer imidlertid å tilrettelegge fyret for turistar og andre besøkende.
Det kan også vere Erik Bye syng om seglskuta 'Skomvær'. Denne har eg ikkje nokon vidare kjennskap til, anna enn at den var relativt stor og dyr for si tid.
jajamen, dysleksien slo inn med all sin kraft og velde, men det vart retta medan du skreiv kommentaren.
Legg inn en kommentar