mandag 2. mars 2009

Kamp!


Eg skjøna i går kvifor eg har litt høgt blodtrykk.

Solfrid jobba heile helga, så eg sette meg ned framfor TV`en for å sjå på den siste halvtimen av 50km i VM. Ungane(Anna og Bjart) leika nokolunde fredeleg inne på naborommet.

Då det var 15 km igjen av løpet fann Anna ut at ho ville sjå på skøyter, ikkje på ski. Det var ikkje måte på kor gjerne ho ville sjå på skøyter.Iallfall ville ho det såpass gjerne at ho fann det nødvendig å presisere det omlag 34 gongar, høgt og tydeleg, inn i det høgre øyret mitt, medan ho låg på sofaryggen bak meg og vippa.
Bjart fatta interesse for ståket( då det var 10 km igjen)og ville vere med. Han kasta seg inn i kampen om ein av dei tre fjernkontrollane, som alle er i stand til å slå av TV´en på kvar sin finurlege måte. Etter fem minutts tid(eg gadd ikkje reise meg opp, gå tre meter og legge fjernkontrollane på ein trygg plass, eg berre flytta dei rundt, for å stresse meg sjølv opp maksimalt) fekk han tak i den eine og skrudde av lyden. Eg anar ikkje korleis han gjorde det, men fekk den då på igjen.Dei andre fjernkontrollane fylte han med slev, slik at dei iallfall ikkje skal fungere før dei har tørka framfor omnen i nokre døger.7 km igjen.

Deretter fekk han tak i eit lite spel Anna hadde funne fram. Spelet, beståande av 36 små brikar(0,05kvadratcentimeter store), fekk han presist slengt ned trappehuset, slik at dei fint fordelte seg utover eit forbløffande stort område. Northug rakk iallfall å gå to-tre km før vi fann igjen alle brikkane, den siste djupt nede i kattamaten.4 km igjen

Så fann Anna ut at det var lenge sidan nokon hadde praktisert høge kneløft i sofaen. Om underlaget ho traff med dei spisse hælane sine var sofa-hud, menneskehud eller andre ting på menensket(far) som har med om ein kan få fleire søsken å gjere, tok ho ikkje så tungt.2km igjen.

Northug posisjonerer seg, kjem inn på oppløpsida, leiar, sig litt ifrå konkurentane, går over mål.Då, omlag synkront, olbogar Anna meg, med imponernade kraft, i høgre tinning(i det ho er i ferd med å miste balansen ståande i den lumske sofaen) og Bjart BIT meg i låret, og etterlet ein fin fuktig flekk.

Johannes låg og sov nede i gangen medan dette pågjekk. Med ein støvel, jakka halvvegs på og hua rett ved sida av seg. Han kom berre såvidt inn døra før han stupte.Eg tør ikkje tenkte på korleis innspurten på 5-mila ville vore med han til stades. Han er verkeleg i trass-alder.....
På biletet har vi nettopp fått han tilbake til det vakne livet.

3 kommentarer:

Arnstein sa...

De har no bedt om trøbbel med tre stykk i løpet av 3,5 år..

baardbo sa...

Å, her på Fitjar vert dette med tre barn på 3-4 år rekna som forsiktigheitsmentaliett. Eg må nok ha tre-fire like tett dersom eg skal verte medrekna som "sabbakar" i lokalsamfunnet.

Bodil Bø Våga sa...

he he - ja, eg tykkjer absolutt ikkje synd på deg;) Men de må no slå til med ein eller to til - eller kva?
Eg har faktisk skrive opptil fleire kommentarar her, men nettet er visst ikkje akkurat min beste ven om dagen, så dei vil ikkje kome gjennom...
I dag er HM på veg attende frå Arusha etter å ha vore på tur med svigers sidan mandag. Herlig å vere heime aleine med to feber- hoste- og skrikarungar;)

Nyt kvardagen på Fitjar - og vert det for gale får du heller sleppe laus nokre bier eller geiter;)