Snømannen står enno, skeiv som ein skiftenøkkel. Det einaste som hindrar han i å dette, er at han støttar seg på den venstre armen sin.
Joggeturen frå Færøysundet til Sandvikjo minna meir om ein tur på Finse. "Frikst", ville dei gamle på Fitjar sagt.
Nett no pyntar vi juletre. Bodil, Hans Marius, Ole og Laurits er nett forne ut gjennom dørene, veldig kjekt besøk.
Julafta feirar vi i Sandvikjo, med sjølvslakta pinnekjøt. "Godt", seier dei fleste, og eg skal ikkje spesifisere kva mine smakslaukar forsåvidt like gjerne kunne ete( og når eg sjølv er skuldig i å ha skaffa råvarene, kan eg ikkje seie så mykje). Veldig kjekt vert nok også dette. Onkel Øyvind og Nobu skal også vere der.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar