Bakgrunn >
Eg var nær ved å ramle ned frå den 8m nykydla furua eg sat i toppen av då det tikka inn melding på mobilen om at kona(eller eigentleg EG) hadde vore sitert i det vyrde radioprogrammet dykkar.Eg fekk til slutt kara meg ned på bakken, sauene såg rart på meg, og eg stod der ute i skogen, snøen dekka vakkert og meinigsfullt landskapet, alt i sterk kontrast til tankane mine "KVIFOR, KVIFOR? >
Drøfting
I ein liten misforstått augneblinkt av forvilla u-pr-kåt storsinn hadde eg sendt inn NOK EIT notis til Fitjarposten og signert det med kona sitt namn. Faktum var sjølvsagt at det var EG som både fann skoa og skreiv denne ikkje så reint lite underhaldande kronikken om fjellskoa. Eg har ei forbløffande evne til å kome med på bilete når media er tilstades, og no også, ser det ut til, å verte sitert på eteren. Men denne eine ubetydelege gongen skulle altså kona få tre fram i rampelyset heilt lokalt. Ho veit sjøvsagt ikkje å sette pris på dette no som ho har vorte rikskjendis.
Konklusjon;
Så berre så de altså veit det: Dette var MITT verk. Kona,sjukepleiar som ho er, kunne ikkje kome med "ytterlegare detaljar" om brukaren sitt gangmønster(høgst truleg ein sjeldan kombinasjon av forfotsvarus, overpronasjon og vinkeltå ut ifrå slitasjen på sålen å bedømme) Medan eg, truleg kunne godsnakka om dette ei heil stund.
Ei heller leflar eg med krumkaka-hedonisme noko overståande sitat "nykydla furua eg sat i toppen av" med all mogleg tydelegdom måtte klårgjere.
Mvh Bård Inge Bø
Etnisk sunnmøring
Fysioterapeut Fitjar kommune
Sauebonde
Manuell grøftegravar
Birøktar
Kulturbeiteryddar
Gjerdestolpeprodusent etter steinaldermetoden
Vedhoggar etter mellomkrigsmetmeoden(mellom napoleonskrigen og krimkrigen) etc etc
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
:D - liker sunnmøringen Bård Inge, jeg :)
Legg inn en kommentar