søndag 11. april 2010

Helgatun-helga....

...vart vi visst heime.Det var sjølvsagt helsetilstanden til underteikna som svikta.Men denne gongen med noko så folkeleg og smittsamt som feber og litt spying(greit med litt variasjon frå migrena:)
I dag hadde vi besøk i Færøysundet av dei særs veloppdragne og hyggelege Mosaker`ane. Snille barn som får våre til å framstå som rølpete, framfusne baldrianar.Barn som likar sauer(Mosakers) , MÅ vel bli gode menneske.
Bålbrenning,lammefanging, sauemating,grilling,slengtauhopp,turning,reiling,padling og ein liten båttur rakk vi i veldig fint vårvær.Bilete frå denne seansen ville fått oss til å framstå som så kvalmande vellukka(barn med lyse lokkar i latterfull dans og leik mellom lamma i Edens hage), at vi berre let dei ligge:)