onsdag 21. juli 2010

Færøysundreisebrev

Det vart dårleg med minkefangst, men fella står der iallfall og fungerer som skjore-magnet(dei vil ha lokkematen).

Det næraste vi har vore ein ny dyreart må vere haren som ofte på morgonkvisten kl 0815 sit på bakken framfor "Moste(r)huset". Dit har vi utsikt frå frokostbordet, og sjølv om vi har lurt oss ut for å prøve å springe i senk Helene Harefrøken, så er vi ikkje raske nok, ikkje enno.Men vi seier som Edvald Boason Hagen i "Touren": "vi vert sterkare og raskare for kvar dag".

I ausregnet i går sprang vi til Fossvikjo på jakt etter Tora(supersauen). Anna minner stadig meir om Ronja Røverdatter der ho barbeint byksar mellom granlegger, over myrhol og bekkjer.Ein minifrosk var i kort tid i Johannes si varetekt, men klarte til slutt å finne ein fluktveg ut av forbøtta.Då tragedien var eit faktum, og i to minutt etter, var sjølvsagt froskeeigaren utrøysteleg, men etter dei nemnde 120 sekunda med sorgbearbeiding, konstaterte Johannes at "spretty", som ho så vidt rakk å verte døypt, "nok har da best der ho er no".
Hønsehauken i Fossvikjo hadde forlatt det enorme reiret sitt. Men vi fekk iallfall sneke oss inn på han i beste Sverre M Fjellstad-stil, før vi prøvde å skremme han opp.

Elles:
-Bjart konstaterte begeistra-forferda at vi fekk fem makrellar med eit vantru "fifk??", då vi halte dei opp utpå Færøyskaget i forgårs.Stakkaren er rett nok eksponert for ein del naturopplevingar men i marin samanheng er han fullstendig understimulert.
-Nisene som bukta seg rett bortanfor fekk vi ikkje på kroken, men dei vart ikkje kimsa av dei heller.
-Og det vart iallfall ikkje den monsturøse "pterosaur"-svartbaken som snappa eit fiskehovud i lufta halvannan meter frå båten etter pasning frå Anna.
-Vi høgg ved, og med til saman åtte mål imøteser vinteren med eit hånsk "la han berre kome".
-Hesjene tørkar berre sånn måteleg med 50mm nedbør på tiande døgeret, men vi har ambisjonar på vegne av "terrå" dei næraste dagane.

Ingen kommentarer: