Det var ein småfrustert bonde som i går rodde seg ein tur ut på Færøyo for å sjå til geitene og kjea. Frustrasjonen gjaldt ikkje det nydelege veret, den blikkstille sjøen og dei 10 cm med snø, men det faktum at då han kom i land på Færøyo og to vekegamle grå- og kvitspraglete kje kom springande mot han, stoppa tre meter ifrå på det bratte svaberget, stod tett saman, skapte ein blendande kontrast i "himmelsjå" mot den knallblå himmelen, med kvit snø rundt, så hadde han ikkje med seg kamera som kunne fanga denne flotte scena.
Men kanskje er det best slik, biletet ville uansett ikkje vorte så bra som opplevinga.
Anna var med i "Myrarennet" i går. Skirenn
Elles er vi visst på Fitjarposten, under overskrifta "det er gøy.gøy,gøy"(og den nyhenda kom frå Sunnmøre).
onsdag 11. februar 2009
tirsdag 3. februar 2009
Sau og slikt
mandag 2. februar 2009
Her er dei
Kjeing
I går var vi(Anna, Øyvind og Bård Inge) ein tur til Stora Færøyo. Der var det komne to heilt nyfødde kje. Bilteta er eg ikkje teknisk i stand til å få fram enno, men det kan komme.
søndag 1. februar 2009
Søndag rett etter søndagsskulen
"Vil høyra på boys", seier Anna til stadigheit. Og som den musikalsk kvalitetsmedvitne fireogeithalvtåringen ho er, så er det ikkje kva som helst slags "boyband" ho vil høyre på. Herøy mannskor sin "Skomværvalsen" av Erik Bye er ein stor favoritt. Og resten av familien protesterer faktisk ikkje dei heller, anten det er i bilen eller i stova.
"Me è så gla i bestefar" proklamerte Johannes, ståande oppå ein pinnestol midt i stova under ei slik avspeling her ein dag. Så her har du ein forholdsvis dedikert fan-club avdeling Fitjar, O.A Bø/Herøy mannskor.
No er det lutefisk-middag i Sandvikjo. Underteikna er lova alternativ mat, og har faktisk med seg Pizza-restar frå i går.
Elles har eg klart å kravle meg opp frå saueskinnsfellen framføre omnen(litt vond rygg om dagen), og plaska ein tur rundt Eldøyane no i føremiddag, saman med Tom Rydland(OBS Hans Marius: Det er han som faktisk kan matche deg i det meste av det du er god på. Og det var ein kompliment til dykk begge). Den vonde ryggen gløymer eg imidlertid dersom eg vert såpass sliten på ei økt, at "kroppsvondtane" i bein, andedrettssytem etc overgår ryggsmertene.....noko å ta med seg over i rehabiliteringsprosessen på jobben?

Abonner på:
Innlegg (Atom)