søndag 15. august 2010

http://fitjarposten.no/interaktivt/item/5543-gjerdevandalisme-i-faeroysundet

Innlegget mitt som inneheldt fargerik omtale av røvarslynglane som "femtekolonnistar", "taskenspelarar", "tølparpakk", "undermålarar" og "lavareståande humanoider" vart altså delvis refusert. Eg skjønar eg ikkje på den fjerde statsmakt;)

onsdag 21. juli 2010

Færøysundreisebrev

Det vart dårleg med minkefangst, men fella står der iallfall og fungerer som skjore-magnet(dei vil ha lokkematen).

Det næraste vi har vore ein ny dyreart må vere haren som ofte på morgonkvisten kl 0815 sit på bakken framfor "Moste(r)huset". Dit har vi utsikt frå frokostbordet, og sjølv om vi har lurt oss ut for å prøve å springe i senk Helene Harefrøken, så er vi ikkje raske nok, ikkje enno.Men vi seier som Edvald Boason Hagen i "Touren": "vi vert sterkare og raskare for kvar dag".

I ausregnet i går sprang vi til Fossvikjo på jakt etter Tora(supersauen). Anna minner stadig meir om Ronja Røverdatter der ho barbeint byksar mellom granlegger, over myrhol og bekkjer.Ein minifrosk var i kort tid i Johannes si varetekt, men klarte til slutt å finne ein fluktveg ut av forbøtta.Då tragedien var eit faktum, og i to minutt etter, var sjølvsagt froskeeigaren utrøysteleg, men etter dei nemnde 120 sekunda med sorgbearbeiding, konstaterte Johannes at "spretty", som ho så vidt rakk å verte døypt, "nok har da best der ho er no".
Hønsehauken i Fossvikjo hadde forlatt det enorme reiret sitt. Men vi fekk iallfall sneke oss inn på han i beste Sverre M Fjellstad-stil, før vi prøvde å skremme han opp.

Elles:
-Bjart konstaterte begeistra-forferda at vi fekk fem makrellar med eit vantru "fifk??", då vi halte dei opp utpå Færøyskaget i forgårs.Stakkaren er rett nok eksponert for ein del naturopplevingar men i marin samanheng er han fullstendig understimulert.
-Nisene som bukta seg rett bortanfor fekk vi ikkje på kroken, men dei vart ikkje kimsa av dei heller.
-Og det vart iallfall ikkje den monsturøse "pterosaur"-svartbaken som snappa eit fiskehovud i lufta halvannan meter frå båten etter pasning frå Anna.
-Vi høgg ved, og med til saman åtte mål imøteser vinteren med eit hånsk "la han berre kome".
-Hesjene tørkar berre sånn måteleg med 50mm nedbør på tiande døgeret, men vi har ambisjonar på vegne av "terrå" dei næraste dagane.

mandag 28. juni 2010

Klukk!

I dag skal vi hente dei ti hønene våre. Samstundes må vi få med oss minkfella slik at vi kan få fanga den hønevonde rov-minken som driv og snusar rundt novene i Færøysundet.Ete-kapasitet har han også dokumentert ved å stikke av med ti pølser og tolv brød, etter å ha gnagd seg gjennom nokre lag plast, her nyleg. Men eg og ungane ler av han, for dei to siste brøda hadde han jo ikkje pølser til....så dei kunne han ikkje ete.

Atomsikker hønsegard er under oppføring, så her skal både hønsehauk og ekle mårdyr få noko å bryne seg på.

Vi bur altså i Færøysundet om dagen, og tar mål av oss å klare ein ny dyreart pr veke.

Neste veke: elektrisk-gjerde-fanga-vill-hare, mink eller moskusand.

fredag 28. mai 2010

Ok, då...

Så skal eg la dei få eit snev av rett dei som er overtydde om at jorda skal opne seg, og vi skal bli slukte ned i ei svovelsuppe og evig marinerast mellom magma,mantel og eruptive flytande masser, vi som legg ut bilete av borna våre på nettet. Historiens dom kan vere overraskande, uransakeleg og meir til.

Eg skal, m.v.f. 01.06.10, lage passord på bloggen.Slik kan berre lytelause agnus dei, kjerubar, serafar og andre jordiske erkeenglar(utpeikte av oss) sjå kva våre håpefulle gjer på.

Måtte dei som har brukt bilete av den hårete ryggen min frå Helland pentathlon sommaren 2009, i ein bulgarsk bakgards-mjukpornofilm, evig få den dom som er nemnt over.













Men det er sjølvsagt ikkje det same som at eg gir desse dommedagsprofetane rett...mumle, mumle

tirsdag 25. mai 2010

http://fitjarposten.no/interaktivt/item/5260-gudstenste-i-guds-frie-natur

Elles; vi har kjøpt oss (litt brukt) bil. Den er grå(det skulle vel vere nok for oss med anti-bil-dilla)

For andre(meir normale):VW Sharan, 2005mod, 78"km,sju seter,to integrerte barnesete, hengarfeste, el vindusheiser bla bla........ integrale 16v, elektronische einsprützung, ghia bulldog(dei siste er eg litt usikker på....)
Vi får den først om to månader.

onsdag 19. mai 2010

Johannes poserer.
17.mai i Håkonarparken.


I senga til oldefar og oldemor i Niels Juels gate.

Anna med Stella.



Ved Røysåkeren i Færøysundet




onsdag 5. mai 2010

Iver og bestefar.
Sara sin dåp.

Tora har ikkje fått lam, men dei andre har fått 26.Rett før eg knipsa biletet låg ho i fanget til Anna. Men sjølv om matfar prøver å snike seg innpå for å forevige blinkskotet, er Tora kjapp når ho anar kraftfor!



"Franken", som Harry Herstad kalla han, visste kva han snakka om når det gjaldt samanliknande politikk og kommunesamanslåingar. Ein og annan diskutabel påstand vedr vikingar og Harald Hårfagre, og til slutt: han har ikkje peiling på bier.


150 års jubileum for Fitjar kommune i Færøysund.Kommunestyremøte på same stad som det første, 05.05.1860