tirsdag 30. november 2010

Uendeleg vakkert, og nesten like vondt....

Å kunne jogge ned til ei flaumbelyst Vestbøstad-tjørn, over frostknirkande markar ein sein kveld,ta på seg dei kronisk uslipte skøytene frå tidleg 60-tal, og skli over isen i seige halvstø skøytskjær. Etter 3x10 runder er ryggen kaputt for lenge sidan, og tærne er nesten klink-is.Etter at ein då har vraltejogga seg heimover og prøver å tine beina, opplever ein det som gjer at ein kjenner seg i live: SMERTE.

onsdag 24. november 2010

mandag 25. oktober 2010

Vaksen-friidretten

I Fitjar spring folk for livet:http://fitjarposten.no/interaktivt/item/5755-populaer-intervalltrening

fredag 24. september 2010

søndag 15. august 2010

http://fitjarposten.no/interaktivt/item/5543-gjerdevandalisme-i-faeroysundet

Innlegget mitt som inneheldt fargerik omtale av røvarslynglane som "femtekolonnistar", "taskenspelarar", "tølparpakk", "undermålarar" og "lavareståande humanoider" vart altså delvis refusert. Eg skjønar eg ikkje på den fjerde statsmakt;)

onsdag 21. juli 2010

Færøysundreisebrev

Det vart dårleg med minkefangst, men fella står der iallfall og fungerer som skjore-magnet(dei vil ha lokkematen).

Det næraste vi har vore ein ny dyreart må vere haren som ofte på morgonkvisten kl 0815 sit på bakken framfor "Moste(r)huset". Dit har vi utsikt frå frokostbordet, og sjølv om vi har lurt oss ut for å prøve å springe i senk Helene Harefrøken, så er vi ikkje raske nok, ikkje enno.Men vi seier som Edvald Boason Hagen i "Touren": "vi vert sterkare og raskare for kvar dag".

I ausregnet i går sprang vi til Fossvikjo på jakt etter Tora(supersauen). Anna minner stadig meir om Ronja Røverdatter der ho barbeint byksar mellom granlegger, over myrhol og bekkjer.Ein minifrosk var i kort tid i Johannes si varetekt, men klarte til slutt å finne ein fluktveg ut av forbøtta.Då tragedien var eit faktum, og i to minutt etter, var sjølvsagt froskeeigaren utrøysteleg, men etter dei nemnde 120 sekunda med sorgbearbeiding, konstaterte Johannes at "spretty", som ho så vidt rakk å verte døypt, "nok har da best der ho er no".
Hønsehauken i Fossvikjo hadde forlatt det enorme reiret sitt. Men vi fekk iallfall sneke oss inn på han i beste Sverre M Fjellstad-stil, før vi prøvde å skremme han opp.

Elles:
-Bjart konstaterte begeistra-forferda at vi fekk fem makrellar med eit vantru "fifk??", då vi halte dei opp utpå Færøyskaget i forgårs.Stakkaren er rett nok eksponert for ein del naturopplevingar men i marin samanheng er han fullstendig understimulert.
-Nisene som bukta seg rett bortanfor fekk vi ikkje på kroken, men dei vart ikkje kimsa av dei heller.
-Og det vart iallfall ikkje den monsturøse "pterosaur"-svartbaken som snappa eit fiskehovud i lufta halvannan meter frå båten etter pasning frå Anna.
-Vi høgg ved, og med til saman åtte mål imøteser vinteren med eit hånsk "la han berre kome".
-Hesjene tørkar berre sånn måteleg med 50mm nedbør på tiande døgeret, men vi har ambisjonar på vegne av "terrå" dei næraste dagane.

mandag 28. juni 2010

Klukk!

I dag skal vi hente dei ti hønene våre. Samstundes må vi få med oss minkfella slik at vi kan få fanga den hønevonde rov-minken som driv og snusar rundt novene i Færøysundet.Ete-kapasitet har han også dokumentert ved å stikke av med ti pølser og tolv brød, etter å ha gnagd seg gjennom nokre lag plast, her nyleg. Men eg og ungane ler av han, for dei to siste brøda hadde han jo ikkje pølser til....så dei kunne han ikkje ete.

Atomsikker hønsegard er under oppføring, så her skal både hønsehauk og ekle mårdyr få noko å bryne seg på.

Vi bur altså i Færøysundet om dagen, og tar mål av oss å klare ein ny dyreart pr veke.

Neste veke: elektrisk-gjerde-fanga-vill-hare, mink eller moskusand.