tirsdag 16. desember 2008

Færøysundet



Og her er husa i Færøysundet(det er faren til Solfrid som eig plassen) Vi brukar mykje tid der, på gardsdrifta vår, som er på mellomkrigsnivå(eg snakkar då om krim-krigen og den amerikanske borgarkrigen)

Dette er ein tidlegare handels- og gjestgjevarstad, som fram til for omlag 100 år sidan var husmannsplass under Nedre Levåg. Historia går iallfall tilbake til første halvdel av 1600-talet. Krambu, hummarpark, gardsdrift, maskinpark m.m. var i drift då plassen vart fråflytta i 1965.

Det er mykje dramatisk og spanande historie knytt til Færøysundet.

-Eit bombefly frå New Zealand, som vart skote ned av fortet på Sokksneset under siste krigen med to soldatar ombord, eksploderte i Færøysundet, begge omkom.

-Motstandsarbeid og gøyming av etterlyste krigsfangar under same krig.Bestefar til Solfrid enda i Sachsenhausen, men overlevde.

-Den tragiske skjebna til innehavaren på 1850-60-talet som tok livet sitt

-Kvinna som, under ein "fuktig" kveld på krambua i Færøysundet i 1650, la grunnlaget for å bli brent på bålet som "trollkjerring".

Kvardagsdramatikken som gjekk meir på å skaffe noko å leve av, er ikkje så godt dokumentert i historiebøkene. Men ei vandring i utmarka syner husruinar både i Litla Færøyo og i Klårneset. Stader så små og tungdrivne at sjølv Færøysundet må ha vore ein velstandsplass i samanlikning.

Kvar ei lita myr vart drenert, kvar ein grøn flekk vart rydda og slått. Rydningsrøyser på dei fleste store steinar der det uansett ikkje kunne vekse noko. Alle steingardane, nokre som peismurar, andre meir praktisk bygd. Kanskje er det litt av innsikta i dette slitet og respekta for dei som gjorde dette, som gjer meg fascinert av å slite opp einer, dra tømmerstokkar gjennom skogen, sette opp gjerde, rekonstruere kisteveiter og rekultivere dette landskapet som har stått meir eller mindre brakk siste 40 åra!(?)

I dag er husa utleigd til i første rekkje fiskeglade tyskarar i perioden april-okt/nov

5 kommentarer:

Bodil Bø Våga sa...

Hei igjen!
Eg må sei du er ein ivrig bloggar blitt, kjære bror - veldig kjekt å lese og sjå! Og, ja - livet i færøysung og på Fitjar er nok VEL så spanande som livet i Afrikas land... Legg ut fleire bilete - det er så kjekt for oss å kunne følgje litt med på dykk!

HM ligg i Arusha der det kjem i begge endar og håper han klarer karre seg ut på flyplassen for å hente pappa og Aase i kveld. Bilen vert flott, men dei blir visst ein dag forsinka ut her både pga sjukdom og bilen...

Jula har eg ikkje byrja tenkje på endå - gode forslag til korleis lage enkel julepynt? Spør kona og be henne leggje ut på bloggen! Me har papir, saks og fargeblyantar...

baardbo sa...

Det vert kalla eit "feme". Det går nok fort over.
Eg håpar eg ikkje prøvde å framstille livet her som like interessant som i Afrika. Eg prøver berre, trur eg, å få fram kontrasten til det litt dølle livet i eit byggefelt(heime). Bu på landet, men ikkje ha nokon av fordelane av det.
Hans Marius har nok hatt ein veldig bra oppvekst, etter mine begrep.

Anonym sa...

Hei, gode svoger!

Litt irriterande å få familiær konkurranse når det gjeld smektande skildringar frå eit liv utanom det vanlege (ditt liv i Færøysund ER utanom det vanlege!). Når det er sagt, er det artig å sjå korleis idrettsmannen er i ferd med å forvandlast til gardbrukaren, dokumentert både i ord og bilete. Sjølv om eg sit her i bushen som eigar av ein tøff Toyota Landcruiser, er eg ørlite misunneleg på småbrukarstatusen din.

God jul frå ein bondeson i Afrika.

Bodil Bø Våga sa...

Hei hei!
HIPP HIPP HURRA for Bjart som er 1 år i dag! Gratulerer så mykje med dagen! Håper de har ein flott dag alle saman og at bursdagsbarnet er nøgd med utbyttet;)
Kanskje ser de ikkje kommentaren før i morgon, men då skal de i alle fall vite at me tenkte på dykk og Bjart i dag på bursdagen!!!

Varm klem frå Bestemor og Bestefar, Ole, Laurits, tante Bodil og onkel Marius

baardbo sa...

Hans Marius:

Ja idrettsmannen, som svor til indianarhopp på plasunderlag og knebøy i vektrommet, har kome i havn. Og forma er ikkje særleg dårlegare av den grunn, sjølv utan spesifikk trening.
Det er vel nesten berre du og kanskje 20-30 andre i Norges land som kan finne på å misunne meg ting som:

-Å ro ut til geitene i motstraum med halvmuggent høy(det vart berre delvis suksess, det høyet som eg lagra i plastballar) i stiv kuling, fire grader og regn, i ein flatbotna drittbått med defekt påhengs bakpå(som eg uansett ikkje ville brukt om den funka)

-Berre for å bli så kald på nevane at ein vert ståande og hoppe opp og ned av smerte inni løa når dei tinar..."men eg eksisterer, det er ikkje tvil om det", tenkjer eg midt i neve-tininga

og mykje anna