tirsdag 16. desember 2008

Ungane

Anna er 4,5 år(vert fem 02.04.09). Ho går 50% i barnehagen, likar å synge, balansere, klatre, lese Snorre(eller bli lest til) og høyre på Vivaldi Ho er flink til å mate sauer og geiter, høgg oppfyringsved til oss, og passar på at alle oppfører seg; "vaksne gjer ikkje sånt, pappa". Storesøster, som vi prøver å ikkje gjere vaksen alt for fort.

Johannes vert tre år 19.01.09.Han går også i barnehagen 50%. Han er nok i litt trassalder. Når vi held han fast og spør kvifor han gjer rampestrekane sine, ser han på oss med store blå auge og eit lite smil og svarer: "fordi", tett fulgt av eit "unnskyld". Og så spring han rundt hjørnet og gjer det same ein gong til.
"Anna, då!" ropar han stadig i fortviling dersom han ikkje får det som han vil.
Johannes trivast godt i eige selskap, akkurat som faren. Mora er litt bekymra for det(og har kanskje grunn til det når ho ser på faren....)
Johannes er i storform om kveldane, og skal slutte HEILT å kvile middag.

Bjart vert 1 år 21.12.08. Han er heime enno, og skal fortsette med det fram til hausten. Han kan vise kor stor han er, går litt langs bord og benkar, og brukar gjerne stolar som rollator, heilt til dei kolvar, og han vert veldig overraska.

Solfrid 31 og eit halvt. Har vore heime siste året. Ho har fått fast jobb i heimesjukepleien, 100% frå nyttår av. Ho byrjar i 40% ettersom Bjart skal vere heime fram til hausten. Frå hausten går ho vel litt opp i stilling. Ho trimmar når ungane er i barnehagen, og er veldig sprek. Særleg i oppoverbakke. Ho sprang Fitjar halvmaraton i haust, utan at det kosta henne så mykje meir enn eit litt vondt bekken(ettersom dette var på asvalt og ho for så vidt fødde eit halvt år før).
Elles er ho søndagsskulelærar, småbarns-turninstruktør, med i forening, har sminkepary,tupperware-party, inviterer til middag og grilling i Færøysundet

1 kommentar:

Bodil Bø Våga sa...

Hei hei!
Ja, så du syns Laurits liknar på Marit... Ja, då er det kanskje håp likevel;) Veldig kjekt at de legg ut så mange bilete - no er eit utvalgt knippe kopiert slik at dei skal kome så fint opp på veggen her. Me tapetserer veggane med bilete av dykk alle;)HM reiser til Arusha for å hente Aase og pappa i morgon, så då kan han framkalle bilete.

Makan til sprek kone du har - kan vel ikkje akkurat skryte på meg ein halvmaraton, nei... Hels så mykje til alle saman. Eg er akkurat no heime aleine med to småsure som eg forar med sjokolade for å få litt fred til å sitje på nettet...