Tre stolte havørner sat på rad og rekke og våka over geiteflokken i dag. Dei små kjea, seks stk no, er nok sårbare, men det er visst kongeørna som skal vere den mest aggressive arten.
Ei anna geit hadde truleg stått heilt ytterst på ein skrent, prøvd å nå ein frisk einebusk som vaks litt for langt ute, mista balansen og falle nedi den store einebusken ho hadde prøvd å nå.Her vart ho hengande fast etterbakbeina ein halv meter over bakken. Heldigvis lever dei ikkje lenge slik, opp-ned.
Ho vart klipt ned og lagt ut på ei "bleikje"(ein holme) til ørnene, så får kanskje dei små kjea gå endå litt meir i fred.
-Anna har vasskoppar
-Eg feirar litt forseinka 32 års dag i kveld.
-Ein pasient ventar, så då må eg vel nesten stille litt opp.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Du verden så greitt det er å vere menneske, og ikkje geit!
Pappa
Hei hei! Høyres ut som du har ein del å hengje fingrane i, ja - ikkje at eg ikkje var klar over det men men... Så då skal ikkje ein feltarbeidar klage. Håper bursdagsfesten var super og at Anna er betre.
Me har hatt super avbrekkshelg i Arusha, akkurat no er HM ute på flyplassen for å hente svigers, og så ber det avgarde utover til Haydom igjen i morgon. Alle er ved god helse igjen og det er deilig! Barnepikene påstår at Ole har fått mage, så me må kanskje skrenke inn litt på sukkeret på grauten...
Hels alle! Bodil
At eg har å henge fingrane i? Vel, du er ikkje lite frekk:) Eg fekk ei innføring i korleis de dusja og vaska kle og tøybleier i går. I forhold til alt dette sit eg med falda hender heile tida, og gjer ikkje ein ting. Ei trøst får vere at eg kanskje skal byrja å jobbe litt som privat fysio på si`. Kanskje eg får gjort eit ærleg arbeid då...?
Legg inn en kommentar