torsdag 28. mai 2009
BIBÆBØ
BIBÆBØ har dobla bikubeantalet. Ein tur til Dåfjorden i går resulterte i fem nye bifolk. Det var koseleg og sosialt i bilen på veg heim, ettersom dei ikkje var spesielt tette alle kassene, og BI romsterte litt rundt. Men BØ sat der i den flotte drakta si og var kanskje litt trafikkfarleg når han paserte nyfiken møtande trafikk. Det er derimot over ei veke sidan nokon av BÆ fekk seg ein tur i BIBÆBØ sin raude Nissan-firmatraktor.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar