onsdag 13. mai 2009

Blygsemd

Slik ser ungane ut denne veka.
Johannes sovande byrjar å verte ein gjengangar. Han fann nesten roen i denne stillinga i går, men ikkje heilt.

Bjart ruslar rundt, fredsæl og grei.


Det kjem meg for øyret av og til at eg ikkje skal vere så flink å skryte av meg sjølv. Det må vere ei fullstendig misforståing, og kan berre kome av det faktum at eg prøver å ikkje KVAR einaste dag fortelje om kva eg gjer som eg tykkjer eg har vore veldig flink til(sjølv om det er aldri så freistande) Denne trangen til å framheve mine positive sider er nok berre ei røyndomsflukt frå alt det som er halvvegs, udugeleg og avstumpa ved meg, eit slags narkotikum for å overleve denne skjebnen det jo er at eg må leve med meg sjølv.Eller/og eit panisk forsøk på å oppleve balanse i livet. Ettersom ingen andre skryt, men stort sett berre kjeftar og ber meg "kommunsiere betre", ha "møte med dei", "kome å sjå dei" etc. så får eg gjere det: SKRYTE AV MEG SJØLV.






Heile poenget er: eg sprang Holmenkollstafetten i helga, og fekk nest beste etappe-tid på min etappe i eliteklassen. Aldri har vel treningsmengder og prestasjonane korrelert så lite. Eg har faktisk nesten ikkje gjort anna enn å springe etter sauer. Så den hårete(berre på ryggen vel og merke) sauebonden frå Fitjar moste langbeinte gaseller frå Skjalg, jålegutar frå Tyrving og BFG-Fana sin løpar må ein vel seie sprang bra, men ikkje bra nok!






Konklusjon: eg er nøgd, og seier det!

2 kommentarer:

Marit BR sa...

Gratulerer!! Du er sprek:-) Og eg som tenkte eg skulle setje meg framfor TV-en og trøstespise sjokolade i kveld...

Arnstein sa...

Ikkje verst! Her har du det svart/ rosa på kvitt; http://www.emit.no/2009.05.09/mhtm/115.htm