Kjære dykk! Først og fremst godt nytt år - måtte det bli eit godt år for småbøndene på Fitjar;) OG tusen takk for dei supre julegåvene! Bøkene er allereie superpopulære og vert sett STOR pris på av store og små! Det ser ut som om de kosa dykk i jula, ja - eg har stor ydmykheit for dei som opnar heimen sin for utanfor-familiære gjestar til jul - det viser stoort hjarterom.
Sjølv mura me oss inne julekvelden etter at det vart mørkt med pinnekjøtet vårt, stearinlysa våre, julegreina vår og julepakkane våre utan å invitere nokon sjølv om det sjølvsagt var uhorvelege mengder av mogelege gjestar kringom oss... Ja - slik er me!
Men me hadde altså ein veldig kjekk julekveld og julehøgtid generelt. Stor stas med besøk - dei reiste i går kveld, så no har me to rolige handledagar før me forhåpentlegvis reiser utover til Haydom igjen på lørdag. Me har litt trøbbel med klutsjen på bilen så HM er ute og prøver å få fiksa den no - han har vore vekke i 3 timar - anten er det eit veldig godt teikn eller eit veldig dårlig eit... me får sjå!
Hels til alle og legg snart ut fleire bilete og innlegg på bloggen!
Gift,firebarnsfar til Anna 9,5 Johannes 8, Bjart 6 og Gard 2,5. Mor til barna heiter Solfrid, og ho er eg gift med(det var kanskje ikkje sjølvsagt).
Vedhoggande spring eg etter sauer, bier, geiter, høner, ein katt, med barn på slep(berre for å rettferdiggjere bruken av tid).Elles prøver eg å springe frå friidrettstrimmande, pasientar, ein del ansvar og bål, holmar og anna som eg nett har sett fyr på i biletleg eller praktisk tyding.
1 kommentar:
Kjære dykk!
Først og fremst godt nytt år - måtte det bli eit godt år for småbøndene på Fitjar;) OG tusen takk for dei supre julegåvene! Bøkene er allereie superpopulære og vert sett STOR pris på av store og små! Det ser ut som om de kosa dykk i jula, ja - eg har stor ydmykheit for dei som opnar heimen sin for utanfor-familiære gjestar til jul - det viser stoort hjarterom.
Sjølv mura me oss inne julekvelden etter at det vart mørkt med pinnekjøtet vårt, stearinlysa våre, julegreina vår og julepakkane våre utan å invitere nokon sjølv om det sjølvsagt var uhorvelege mengder av mogelege gjestar kringom oss... Ja - slik er me!
Men me hadde altså ein veldig kjekk julekveld og julehøgtid generelt. Stor stas med besøk - dei reiste i går kveld, så no har me to rolige handledagar før me forhåpentlegvis reiser utover til Haydom igjen på lørdag. Me har litt trøbbel med klutsjen på bilen så HM er ute og prøver å få fiksa den no - han har vore vekke i 3 timar - anten er det eit veldig godt teikn eller eit veldig dårlig eit... me får sjå!
Hels til alle og legg snart ut fleire bilete og innlegg på bloggen!
Klem frå Bodil og smågutane som søv.
Legg inn en kommentar